Kantor i Voss

Det er ledig 100 % fast stilling som kantor i Voss kyrkjelege fellesråd med tiltreding 1.juli 2024

Kantor har overordna ansvar for alle sokna i fellesrådsområdet, med hovudansvar for Voss sokn, der dei fleste tenestene er. Orgelet i Vangskyrkja frå år 2000 er bygd av Ryde & Berg og har 32 stemmer over 2 manualar og pedal. Kantorstillinga er ei av fire kyrkjemusikarstillingar i dei 6 sokna i fellesrådsområdet.
I Kyrkjetunet rett overfor Vangskyrkja i Voss sentrum finst kyrkjekontoret, der store delar av staben har kontorplass.
Vangskyrkja frå 1277 er sentral i kyrkje- og kulturlivet på Voss, med stor aktivitet gjennom heile året. Kantor samarbeider med mange av kulturaktørane i området, mellom anna Osafestivalen, Vossajazz og resten av musikklivet. Kantor har òg administrativt ansvar for andre konsertar, både i regi av kyrkja og eksterne aktørar.
Me søkjer etter ein person som ynskjer å byggje kyrkjelyd gjennom å ivareta, styrkje og utvikle det musikalske livet i kyrkja i samsvar med gjeldande tenesteordning for kantorar. I Voss sokn finst kor for vaksne, TenSing-kor og barnekor. Det er ynskjeleg med kompetanse og interesse for korarbeid for born og vaksne, i samarbeid med andre tilsette. Trusopplæringsarbeidet er ei sentral oppgåve i Den norske kyrkja, og det er ynskjeleg med ein person som ser verdien av samarbeid med born og unge inn i kyrkjemusikken. Det er ein fordel om du meistrar fleire musikalske stilartar og nyttar desse i det kyrkjemusikalske arbeidet. Du er fleksibel, og kan samarbeide med andre tilsette, frivillige og eksterne aktørar.
I 2027 feirar me 750-års jubileum for Vangskyrkja, noko som kan gje spennande arbeidsoppgåver for kantor.
 
Voss herad har ca. 16000 innbyggarar, har eit rikt kulturliv og glimrande tilhøve for friluftsaktivitetar av alle slag året rundt.

 

Arbeidsoppgaver

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab
  • Ivareta eit variert og breitt musikalsk uttrykk i gudstenesta og i kyrkjemusikken elles
  • Ansvar for organisering av organisttenesta i sokna
  • Ansvar for kor
  • Deltaking i trusopplæring - og konfirmantarbeid
  • Overordna ansvar for konsertar i Voss sokn
  • Bidra til vidareutvikling av song- og musikklivet i kyrkjelydane
  • Ansvar for tilsyn og dagleg vedlikehald av instrument
  • Andre arbeidsoppgåver i samsvar med gjeldande tenesteordning for kantorar

Kvalifikasjoner

  • Søkjar må ha kyrkjemusikalsk utdanning, eller annan relevant musikkutdanning
  • Søkjar bør ha allsidige orgel- og pianoferdigheiter
  • Søkjar bør meistre fleire musikksjangrar
  • Søkjar bør ha kunnskap og erfaring i korleiing
  • Søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg godt. Administrasjonsspråket er nynorsk
  • Søkjar bør ha god kjennskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi
  • Søkjar må ha medlemsskap i Den norske kyrkja
  • Den som vert tilsett må utføre si teneste i samsvar med Den norske kyrkja sine ordningar og grunnverdiar

  • Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil
  • Politiattest må leggjast fram før tilsetting, jf. kyrkjelova § 29

Personlige egenskaper

  • Me ynskjer at du er initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du må ha interesse for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Vi tilbyr

  • Positivt samarbeid med ein engasjert og aktiv stab og mange frivillige
  • Løn i samsvar med gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i KLP
  • Kontorplass i Kyrkjetunet nær Vangskyrkja
     
    For nærare opplysningar kontakt kyrkjeverje Svein Tøsse eller kantor Astrid Gjestvang
    Søknad med vedlegg vert å sende via elektronisk søknadsskjema.
    Bruk linken: Søk på stillingen
 
Kontaktinformasjon:
Svein Tøsse
Kyrkjeverje
 
Astrid Gjestvang
Kantor
Arbeidsgiver Voss kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Uttrågata 5, 5700 Vossevangen
Publisert 2024-04-22
Søknadsfrist 2024-05-13
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Voss kyrkjelege fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger