Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Stamnes og Vaksdal sokn som tenestestad

Vil du bli vår nye sokneprest? Du er velkomen til vakre Vaksdal kommune. Soknepresten i Stamnes og Vaksdal vil ha sokneprestoppgåver i to sokn. I tillegg vil du samarbeide nært med den andre soknepresten i kommunen om kyrkjelege tenester. Trusopplærar, kyrkjemusikarar og frivillige samarbeidar om kyrkjeleg arbeid. Du vil få varierte oppgåver, men det er i stor grad rom for å forme sin eigen arbeidskvardag.

Våre sokn ønskjer å vere kyrkjer der alle kan finne sin plass, der det er rom for både tru, håp og undring. I våre kyrkjer skal heile bygdefolket kjenne seg heime.  Vi ønskjer å løfte blikket og sjå framover, for vi ønskjer å nå våre unge og våre familiar med bodskap om fellesskap, glede, frimod og fred. Vi vil inspirere til engasjement og arbeid for andre, vi vil utfordre, sleppe til og utruste frivillige, både unge og gamle, til å bidra i og utvikle det kristne livet i soknet.
Vi søkjer ein sokneprest som vil vere med oss på dette.
Vaksdal er ein langstrakt kommune som ligg midt mellom Voss og
Bergen, med kort veg til kulturelle attraksjonar og friluftsliv der. Vi har både flott natur og eit mangfald av lag og organisasjonar, variert musikkmiljø, store bedrifter og gode skular og oppvekstsenter. Sjekk gjerne www.vaksdal.kommune.no

Det er to sokneprestar (100%), ei kyrkjeverje (100%), to organistar (100% og 50%), skretær (100%), trusopplærar (50%), kyrkjetenar /vaktmeistar i 50% og kyrketenarar i mindre stillingar. Staben har sine kontor på Dale.

Det er i alt 105 gudstenester i året. Prestane leier konfirmantførebuingane.  I 2023 var det 16 konfirmantar i Vaksdal og 8 i Stamnes. Prestane held andaktar på to institusjonar i kommunen.

Vaksdal sokn har ei vakker steinkyrkje med godt tenlege tilhøyrande rom der sokneråd og andre arrangerer konsertar og ulike sosiale, faglege og kulturelle samkomer. Kyrkja har gode instrument og god akustikk, og digitale hjelpemiddel er på plass. Vaksdal sokn har eit aktivt og engasjert sokneråd, eit godt samarbeid med det lokale bedehuset og er ein positiv faktor i bygda.
Stamnes sokn har to kyrkjer,
Eidsland kapell, ligg på Eidslandet, og Stamnes kyrkje i bygda Stamnes som er hovedkyrkja i soknet, og den elste av dei 7-sju kyrkjene i kommunen. Stamnes har vore kyrkjestad heilt frå 1300-talet.

Som faste aktivitetar i kyrkjelydane, kan me nemne barnekor og baby-song og andre trusopplæringstiltak utført i godt samarbeid med organist og trusopplærar. Det er også barneforeining, søndagskule, strikkekafé og måndagskaffi, konsertar og andre kulturarrangement. Alle med godt oppmøte.

I Vaksdal kommune er det tre bedehus. Det er godt samarbeid mellom kyrkje og bedehus.

Vaksdal høyrer til Hardanger og Voss prosti. Her er det 15 prestar. Prosten leier prestetenesta. Prostekontoret er på Voss og prost samlar prestane 7 gonger kvart år til fagleg fornying, sosialt og åndeleg fellesskap. Det har òg vore tverrfaglege samlingar for tilsette i prostiet.

Målforma er nynorsk.
 Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.  Den som vert tilsett må ha førerkort og tilgang på bil.  

 

Arbeidsoppgåver

  • føre vidare det gode samarbeidet med skule og barnehage
  • bidra til at kyrkja skal vere ein naturleg del av samfunnslivet
  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • konfirmantundervisning
  • trusopplæring
  • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

Kvalifikasjonar

  • Cand. Theol. Med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til samarbeid
  • god gjennomføringsevne
  • evne til å motivere
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsvegleiing (ABV)

 

Kontaktinformasjon

• Arild Hellesøy, prost i Hardanger Voss prosti, 90699533, ah539@kyrkje.no

• Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

 

Arbeidsgiver Bjørgvin Bispedøme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Voss
Publisert 2024-07-11
Søknadsfrist 2024-08-11
Stillingstype heltid, 100% fast stilling
Antall stillinger 1
Sektor offentlig
Søk på stillingen
Bjørgvin Bispedøme

Bergen
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger