Kyrkja har ein viktig posisjon i lokalsamfunna, det er godt samarbeid med kommunane, næringsliv og kultur. Vi søkjer etter ein strategisk leiar som har gjennomføringskraft, har gode relasjonsevner, og trivst med å byggje fellesskap. Vi søkjer ein prost som er oppteken av forkynning, liturgi og gudstenestefornying, og som brenn for å utruste kyrkjelydane i prostiet.
Stillinga krev god teologisk og kyrkjefagleg kompetanse og gode leiareigenskaper. Prosten må kunne samarbeide med ulike aktørar og nivå i kyrkja og det offentlege. Vi søker ein leiar som evner å motivere løna og uløna medarbeidarar og kyrkjelydar til å arbeide i samsvar med kyrkja sine mål og strategiar.
Prosten leiar prestetenesta i prostiet, gjer teneste som kyrkjelydsprest slik biskopen fastsetter, og gjer elles dei gjeremål som ligg til prostestillinga ifølgje tenesteordning for prost.
Vi ynskjer å tilsette ein prost som vil vere med å vidareutvikle eit spanande prosti med spennvidde i kyrkjeleg profil.
Bjørgvin bispedøme ynskjer fleire kvinner i leiande stillingar.
Nynorsk er skriftspråk og liturgimål i alle kyrkjene i prostiet. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
• Ragnhild Jepsen, biskop, 97976035
• Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør, 95136898