Dagleg leiar/menighetsforvalter

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Ålesund kyrkjelege fellesråd søker en daglig leder til Spjelkavik, Ørskog og Skodje.
Ørskog og Skodje er dei to sokna som ligg lengst aust i Ålesund. Dei to bygdene har ca 1700 og 3800 medlemmar. Spjelkavik sokn ligg vest for desse og med ca 17500 medlemmer og er den største kyrkjelyden i Den norske kyrkja. Bydelane har vakker natur med gode forhold for friluftsliv, både sommar og vinter. Ørskog kyrkje er ei langskipskyrkje med 600 sitteplassar. I tillegg har Ørskog sokneråd eit kyrkjetorg med bruktbutikk og gode lokalar for aktivitetar. Skodje kyrkje er ei langskipskyrje med ytre krossform med om lag 350 sitteplassar. Spjelkavik har ei moderne arbeidskyrkje med plass til om lag 550 personar og ein full kjeller med saler og rom til aktivitetar. I tillegg har Spjelkavik kyrkjelyd ei interimkyrkje på Ålesund folkehøgskole for bydelane frå Emblem til Vegsundet.
 Kyrkjelydsarbeidet i sokna er bredt og variert med tilbod til barn, unge, vaksne og eldre. Det er eit stabsfellesskap mellom Ørskog og Skodje, kvar kyrkjelyd har sin egen sokneprest mens dei deler ein kantor, ein kyrkjelydspedagog, ein kyrkjetenar og ein kateket. I Spjelkavik er det 3 prestar, 1 kateket, 2 i trusopplæringa, ein kyrkjetenar ein diakon og ein frivilligkoordinator.

Vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar som ønskjer å være med å lede arbeidet i kyrkjelydane. Tilrettelegging av arbeidet i sokneråda og leiing og koordinering av stabane er dei sentrale arbeidsoppgåvene. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp at verksemda  drives i samsvar med vedtak og planar fastlagt av sokneråda
  • Utføre sakshandsaming og økonomiforvaltning for sokneråda
  • Deltaking i strategi-, plan- og utviklingsarbeid i sokna
  • Utføre andre administrative oppgåver
  • Koordinering og oppfølging av de to kyrkjestabane
  • Personalansvar for fellesrådstilsette i samråd med avdelingsleiar

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning innan personalleiing, økonomiske og/eller administrative fag
  • Relevant erfaring kan eventuelt kompensere for utdanning
  • Kjennskap til kyrkjeleg verksemd eller annan offentleg forvaltning
  • Du har gode munnlege og skriftlege framstillingsevner

Personlege eigenskapar

  • Gode leier-, samarbeids- og kommunikasjonsevner. 
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Kjenne til kyrkja si verksemd og utføre arbeidet i tråd med kyrkja si verdigrunnlag

Vi tilbyr

  •  
  • Det er pliktig pensjonsmedlemskap i KLP, med 2% trekk av brutto løn til pensjonsinnskott. 
  • Løn ut i frå kvalifikasjonar og tråd med tariffavtaler

 

Anna

  • Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
  • Førerkort i klasse B. Du må disponere egen bil i arbeidstid
  • Den som for tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr. Lov om tros- og livssamfunn § 20

 

Nærare opplysningar kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje Andrea Hunger, tlf. 478 30 069  eller e-post andrea.hunger@kyrkja.aalesund.no

 

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund  65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei  rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

Arbeidsgiver Ålesund kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Publisert 2024-03-21
Søknadsfrist 2024-04-21
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Langelandsvegen 17
6110 Ålesund
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger