Sokneprest i Lister og Mandal prosti med Sirdal sokn som tenenstestad

Den norske kyrkja, Agder og Telemark bispedømme

Kyrkjelydens profil
Kyrkjelyden har kyrkjeverje (100%), kantor/organist (100%) og to trusopplærarar (til saman 120%). Kyrkjetenarar og reinhaldarar i mindre stillingar, til saman 4,2 årsverk i tillegg til soknepresten.
Stabsmøte kvar veke på tysdagar.
Det er gudstenestar i Tonstad kyrkje annankvar veke, ein gong i månaden i Kvævemoen kapell, fire gonger i året i Lunde kyrkje og seks gonger i året i Haughom kapell.
Mykje av arbeidet i kyrkjelyden er organisert via oppnemnde utval, komitear og arbeidsgrupper.
Det er eit godt, fleirfaldig og jevnleg samarbeid med bedehuset. Bedehuset ligg vis a vis Tonstad kyrkje og har gode lokale med mange rom.
Godt samarbeid med kommunen på ulike område, skular og barnehagar, kultur, sjukeheim, drift av gravplass m.m.

Kyrkjelyden sine satsingsområde
Hovudsatsinga til kyrkjelydenen er tilbod til barn og unge/barnefamiliar, slik at alle kan kjenne seg heime i gudstenestefellesskapet.
Det vert arbeidd aktivt for å engasjera frivillige.

Tiltak
Ein viktig visjon for kyrkjelyden er å auka oppslutninga om gudstenestane, særleg unge.
Det vert driven eit stort og viktig arbeid for barn og unge.
Det er barnekor og prosjektkor for vaksne. Det er fleire årlege breiddetiltak for barn og ungdom med god oppslutning. Ein oversikt over alle tiltaka for aldersgruppa 0-18 år finn ein på kyrkjas heimeside.
Det er stor oppslutning om konfirmantundervisninga. Ein av trusopplærarane har ansvar for gjennomføringa. Konfirmantane deltek på KonfAction.
Kyrkjelyden har misjonsavtala med NMS.

Gudstenestelivet
Kyrkjesøkinga er stabil. Kyrkjene er for ein stor del fullsett på julaftan, i påska / påskefesten og konfirmasjon. Soknepresten organiserer ordninga med medliturgar. Det er frivillige klokkarar, tekstlesarar og kyrkjevertar.

Elles
Den som vert tilsett må retta seg etter:
- endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønstilhøve og aldersgrense for geistlege tenestemenn
- alle avgjersler som måtte bli tekne om tenesten og tenestestad. 

Nynorsk er liturgisk målform. Søkjar må stadfesta at han/ho meistrar båe målformer.

Kvinner vert oppmoda til å søkja.

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Det vert laga offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kirkeordning for Den norske kirke § 42. Oppmoding om å få sitt namn halde unna denne må grunngivast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g. 

 

Arbeidsoppgaver

  • førebu og forretta gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • ta del i konfirmasjonsundervisninga
  • vera ein pådrivar i kyrkjelydens arbeid og medverka til å bygge engasjement i gudstenestene
  • vera medlem av sokneråd og fellesråd
  • samarbeida med sokneråd, frivillige og andre tilsatte om løysing av oppgåver
  • ei tenesteveke i Flekkefjord kvar månad
  • samarbeide med prestane i Flekkefjord om feriar og friveker

Kvalifikasjoner

  • cand. theol/profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
  • praktisk-teologisk utdanning

Personlige egenskaper

  • å vera personleg eigna vil bli vektlagt
  • evne til å arbeida sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner og fleksibilitet
  • evne til å leie og arbeide i team med unge og eldre
  • gode datakunnskaper

Vi tilbyr

  • løn i stillingskode 1555 sokneprest
  • etter- og vidareutdanning
  • godtgjering etter gjeldande satsar
  • pensjonsinnskudd
  • arbeidsvegleing (ABV)
  • det vert stilt tenestebustad til disposisjon

 

Sirdal kommune er ein attraktiv kommune med sentral plassering.

 Sirdal kommune har moderne skular og barnehagar og godt utbygd helsevesen.

Tonstad er  kommunesenter.  Det er videregåande skule med idrettsline på Tonstad.

Sirdal er ein kraft- og hyttekommune. Dei fleste hyttene er i Øvre Sirdal. Gode moglegheiter for friluftsliv sommar og vinter i skog og høgfjell.

Antall innbyggjarar ca. 1830.

Avstand til næraste byar: Sandnes/Stavanger 95 km, Flekkefjord 57 km, Egersund 55 km.

Det er fire kyrkjebygg: Tonstad kyrkje (1852), Lunde kyrkje (listeført, 1873), Kvævemoen kapell (1962) 40 km fra Tonstad oppover dalen, og Haughom kapell (listeført, 1930) 10 km sør før Tonstad.

Kyrkjekontoret held til i ein eldre bustad sentralt på Tonstad. Det vert arbeidd med løysningar for nye kontorlokale. 

Sjå elles kommunens heimeside: sirdal.kommune.no og kyrkjelyden si heimeside sirdal.kyrkja.no

 

Kontaktinformasjon:

Bjarne Nordhagen
Personasjef
 E-post:bn576@kirken.no
 
Geir Ola Tveit
Prost
 E-post:geir.ola.tveit@lyngdal.kirken.no
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Indregarden 1, 4440 Tonstad
Publisert 2024-02-26
Søknadsfrist 2024-03-17
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger