Sokneprest i Indre Nordmøre prosti med Hov og Romfo sokn som særskild tenestestad

Møre bispedømme

Sunndal - Vill og vakker! Dette er kommunen sitt slagord. Og slagordet er godt!

Vi er ein kommune med omlag 7000 særleg ville og vakre innbyggarar!  Naturen i området er vill og vakker den òg.  Sunndalsfjella som vi omgir oss med, leier tankane mot landskap slik vi møter det i «Ringenes Herre». Vi har dei stupbratte tindane og dei noko mildare fjella, som er lettare tilgjengeleg for ski-gåarar. Sunndalsfjella i sør er del av Dovrefjell massivet, mens Sunndalsfjella i nord er del av Trollheimen.

No er stillinga som sokneprest i Sunndal ledig.  Dette er den eine av to prestestillingar i kommunen. Soknepresten i Sunndal har ansvaret for Sunndalsøra sentrum og Sunndal oppover mot Oppdal.

Det er 5 kyrkjer i Sunndal; Ålvundeid, Øksendal, Gjøra kapell, Romfo og Hov kyrkje. Hov er kyrkja i sentrum.  Her er det bokmål som er målforma, medan nynorsk vert nytta i grendene. Staben i Sunndal har kontor og møtelokale i sentrum av Sunndalsøra, rett ved Hov kyrkje. Det er gode og egna lokale frå 90-talet.

Kyrkja står sterkt i lokalsamfunnet. Medlemstala har vore stabilt høge, og kyrkjelege handlingar som dåp og konfirmasjon har høg oppslutning.
Det er òg etablert fellesarrangement for konfirmantane i heile prostiet, og det er ønsker om å utvikle dette vidare.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver

  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • I samarbeidsområdet deler dei tre prestane på gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane

Kvalifikasjonar

  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.  
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje. 
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
  • Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.

Personlege eigenskapar

  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.

Vi tilbyr

  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne

 

Indre Nordmøre prosti omfattar kommunane Gjemnes, Surnadal, Sunndal og Tingvoll, og har til saman 13 sokn og omlag  15 000 medlemmar i Den norske kyrkja. Det er tre samarbeidsområde i prostiet med til saman 6,45 prestestillingar. 

Sunndal kommune ligg på Nordmøre mellom Dovrefjell i sør og Trollheimen i nord og strekker seg frå Sunndalsfjorden opp mot Oppdal. Landskapet er spektakulært, eller; "Vilt og vakkert" som kommunen seier det i sitt slagord.

Handels- og servicetilbodet er godt utbygd, det er god barnehagedekning, 3 barneskuler, ungdomsskule og vidaregåande skule i kommunen.  

Sunndal har ein stolt industriarbeidarkultur. Norsk Hydros aluminiumsverk på Sunndalsøra er størst i Europa. Andre bedrifter innan industri og teknologi har òg verksemder her. Her finnast òg eit betydeleg forskingsmiljø innan aqua-kultur ved NOFIMA. Sunndal har òg ein særs velfungerande innvandringsteneste og eit asylmottak i kommunen, som gjer ei viktig teneste og er viktige arbeidsplassar i kommunen

Sunndal har ein sterk kulturskole som gjennom mange år har bidratt til eit rikt kulturliv. Mellom anna gjennom Jazzå-teateret, og deira mangeårige oppsetjing av spelet; Lady Arbuthnot. Sunndal har og  eit godt idrettsmiljø, der kvinnefotballen står særs sterkt. Nokre av verda sine beste fotballspelarar kjem herifrå. Vi har òg eit godt friidrettsmiljø og symjemiljø. 

 

Kontaktinformasjon:

Vidar Rygh
Prost
 E-post:vidar.rygh@surnadal.kyrkja.no
 
Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 E-post:ah242@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Prestvegen 15, 6600 Sunndalsøra
Publisert 2023-11-29
Søknadsfrist 2023-12-14
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger