Kyrkjeverje

Ål kyrkjelege fellesråd

Vil du å vera med å leie ei levande og aktiv folkekyrkje i Ål?
 
Me har ledig 100% fast stilling som kyrkjeverje.
 
Kyrkjekontoret og Ål kyrkje held til sentralt på Ål, og det er soknekyrkjer i Leveld og på Torpo. I tillegg til kyrkjeverje består staben av diakon, kyrkjelydspedagog, tre kyrkjetenarar, to sekretærar og to kyrkjemusikarar. Prost, sokneprest og prostiprest har også kontorfellesskap her.
 
Ål vart i 2021 kåra til Norges kulturkommune med kulturhuset og regional dansescene som viktige element. Kyrkja har eit godt og langt samarbeid med kommunen og organisasjonslivet i bygda.
 
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då vil Ål passe godt for deg!
 
Det er god kommunikasjon både til Oslo og Bergen frå Ål, med tog og buss. Rv7, som er ein av hovudvegane mellom aust og vest, går gjennom kommunen. 

 

Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd:

  • Ansvar for bygg- og gravplassforvaltning, personalleiing, sakshandsaming og økonomi.
  • Kontakt og samarbeid med lokale og eksterne aktørar.
  • Strategi- og planarbeid saman med sokneråd og tilsette. 

 

Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
Særleg relevant kompetanse eller personlege eigenskapar kan erstatte utdanningskrav.
Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
 
Vi ynskjer elles at søkjar har:
God kjennskap til og eit engasjement for Den norske kyrkja som organisasjon og aktør i samfunnet.
Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og forvaltning.
 
Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Målform i Ål kommune er nynorsk. 

 

Søkjaren må vera personleg skikka til stillinga og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Omgjengeleg og ha evne til å bygge gode relasjonar
  • Evne til å leie under utvikling og endring
  • Kunne motivere og vidareutvikle den lokale kyrkja
  • Målretta og samtidig fleksibel

 

  • Ein variert jobb der ingen dagar er like
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtaleverk i kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP

Meir om stillinga hjå fellesrådsleiar Torfinn Slåtto tlf. 995 13 142.
 
Søknadsfrist 12. oktober

Arbeidsgiver Ål kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Sundrevegen 64, 3570 Ål
Publisert 2023-09-18
Søknadsfrist 2023-10-12
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Ål kyrkjelege fellesråd
Sundrevegen 66
3570 Ål
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger