Sokneprest i Ørskog/Prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti

Møre bispedøme

Det er ledig inntil 100% stilling som sokneprest/prostiprest Nordre Sunnmøre prosti, med primær tenestestad  i Ørskog  sokn.

Soknepresten vil også gjere teneste som prostiprest i prostiet.

I kyrkjelyden vert det gjennomført mange fine trusopplæringstiltak, - inkl konfirmantarbeid, med god oppslutning. Kyrkjelyden har også ein gong i månaden Fellesskapskveld på Kyrkjetorget, der ulike tema vert teke opp. Gudstenestene i soknet vert haldne i Ørskog kyrkje som er ei langskipskyrkje med 600 sitjeplassar, og med eit forordna gudstenestetal på 35 gudstenester i året. Nokre gudstenester er også friluftsgudstenester. Rundt kyrkja ligg ein pent stelt gravplass. Kyrkja blir 150 år i 2023, og det vil bli jubilèumsmarkeringar gjennom store delar av året. I soknet ligg Sjøholt bedehus, med noko møteverksemd og søndagsskule.

Ørskog kyrkjelyd har eit godt og tenleg kyrkjelydshus like ved kyrkja, «Kyrkjetorget». Kyrkjelyden driv  bruktbutikk i bygget. Det gjev eit årleg netto tilskot på ca 600.000 kroner som i hovudsak vert brukt til arbeid i kyrkjelyden. Her er kontor for dei tilsette, forsamlingssal og møterom. Soknet har tilsett kyrkjetenar, og saman med Skodje sokn deler ein på kateket, diakon/kyrkjelydspedagog og kantor. Kyrkjelyden har gudstenesteutval, trusopplæringsutval og misjonsprosjekt. Soknepresten har sete i Ørskog sokneråd, og har eit nært samarbeid med soknepresten i Skodje. Sokneprestane deler på gudstenester i sokna, og også på å leie stabsmøta. Du er velkommen til å delta i ein god stab med eit godt arbeidsmiljø!

Ørskog ligg sentralt til med kort avstand til Moa (25 minutt) og Molde ( 1 time inklusiv ferje). I Ørskog er det eit rikt kulturliv mellom anna med korps som hevdar seg i norgeseliten, mange idrettsaktivitetar og kulturskule. Det er nettopp bygt eit nytt og framtidsretta skulebygg, og eit hestesenter er i ferd med å bli etablert.  Det er god barnehagedekning.   For nærare informasjon sjå: : https://orskog.kyrkjelyd.no/

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv blir fremja i kyrkjelydane
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid
  • Soknepresten må også pårekne arbeid i andre delar av prostiet
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Soknepresten er  med i beredskapsordning for prestane.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i «Forskrift om tilsetting av menighetsprest» 
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og god e evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.  
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.  
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.  
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" VTV. Ordinasjon føreset normalt fullført VTV
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest § 6
  • Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformene.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde. 
  • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk. 
  • Sjølvstendig og strukturert. 
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper. 
  • Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar 
Vi tilbyr
  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse  
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta  
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing  
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar 
  • Prestebustaden som ligg like ved kyrkja, kan bli stilt til disposisjon som bustad for presten. 

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet  
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette  
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne 

 

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkylven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 101.150 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta. Folketalet i prostiet er i vekst.  Ørskog sokn ligg i Ålesund kommune og har omlag 1700 kyrkjemedlemmer.

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim, med eit folketal på ca  67.300 innbyggjarar. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er sterkt forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og universitetet NTNU, og her finn vi Ålesund sentralsjukehus. Det er gode kommunikasjonar med eit trafikkknytepunkt på Moa med hovedferdsleåra nord/syd på Vestlandet og austover.   Ålesund  lufthamn, Vigra, ligg berre 50 minutt unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar

Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar. Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter, med ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder. I soknet er det idrettshall og eit alpinanlegg, og Sunnmøre Indremisjonsforbund har nettopp etablert Sjøholt folkehøgskule. 

 

Kontaktinformasjon:

Svein Runde
Prost
 (+47) 911 14 095
 svein.runde@kyrkja.alesund.no
 
Lars Skagestad
Rådgjevar
 90986353
 ls273@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ørskog kyrkjekontor, Kyrkjevegen 14, 6240 Ørskog
Publisert 2022-11-22
Søknadsfrist 2022-12-19
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger