Kyrkjemusikar i Meland sokn

Alver kyrkjelege fellesråd

Vi har ledig 100% kyrkjelydsmusikarstilling i Meland sokn, og ser etter deg som blir motivert av eit mangfald av musikkuttrykk og ei aktiv forsamling av alle generasjonar. Viss du også vil løfte og utvikle musikkarbeidet som ein viktig del av kyrkjelydsarbeidet, er du personen vi ser etter.

I Meland kyrkje, som har gudstenester kvar søndag, er det ope for mange slags uttrykk. Både tradisjonell orgelmusikk og bandbasert musikk er jamnt i bruk. Bygdene i Meland er prega av svært mange musikalske ressursar, og mange er allereie aktive i kyrkjelyden.

Kyrkjelyden ønsker å halde fram og styrke det gode musikalske arbeidet. Kyrkjelyden sin visjon og verdiar er: «Nær Gud – nær menneske: Engasjert, mangfaldig og inviterande kvardagskyrkje».

Meland kyrkjelyd har berre ei kyrkje på Meland. Kontoret er på Frekhaug, 30 minutt frå Bergen sentrum, rett over Nordhordlandsbrua og nordvestover. Soknet har over 8000 innbyggarar og om lag 6300 er medlemmer i DNK. Staben består elles av sokneprest, spesialprest, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog, administrasjonsekretær og kyrkjetenar.

 

Arbeidsoppgaver
  • Teneste ved gravferder, gudstenester, vigsler og institusjonsandaktar
  • Samarbeid og planlegging av gudstenester og andre arrangement saman med prest og andre tilsette
  • Vere med og utvikle gudstenestelivet i samarbeid med stab og frivillige.
  • Leie arbeidet med å sørge for ei variert og heilskapleg song og musikkliv gjennom rekruttering og samarbeid med frivillige utøvarar. Spesielt ansvar for å få med frivillige musikarar til band på gudstenester ca. 1-2 gongar i månaden, og tilretteleggje salmar og musikk for band ved desse gudstenestene
  • Støtte og fornye korarbeidet
  • Medverke i trusopplæringsarbeidet
  • Vere ein del av teamarbeidet i soknet, gjennom stabsmøter og andre fellesoppgåver.
  • Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet.
Kvalifikasjoner
  • 3 årig kyrkjemusikkutdanning/annan relevant utdanning
  • Erfaring og kompetanse i orgelspel
  • Erfaring med samspel i band (bandforståing)
  • Kunne tilrettelegge notar for band (melodilinje og besifring), og organisere og leie band.
  • Kunne tilrettelegge notar fra lydfiler (melodilinje og besifring).
  • Erfaring frå korarbeid
Personlige egenskaper
  • Kan identifisere seg med måla og verdiar i kyrkjelyden og ønske å bidra sjølv
  • Fleksibilitet og gode samarbeidsevne. Kunne bygge relasjonar.
  • Kommunikasjonsevner og pedagogiske ferdigheiter
  • Det vil bli lagt stor vekt på at den som vert tilset er personleg egna.
  • Den som vert tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr

- Søkaren må disponere bil
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til prøvespel, både med orgel og band, og til intervju
- Det er krav om medlemskap i DNK

Vi tilbyr:
- Ei variert stilling i gode arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff for kyrkjeleg sektor
- Forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
- Pensjonsordning gjennom KLP

Instrument:
Meland kyrkje har to instrument:
1. Kyrkjeorgel av tysk merke «Schultze» frå 1865. Orgelet har romantisk klangideal og er av historisk verdi. Sist restaurert i 2016 av orgelbyggar Johannes Buder.

2. Konsertpiano av merke «August Förster» (AFK-134). Levert i 2016 av Kinne Piano

 

Dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy i Nordhordland slo seg saman til Alver kommune frå årsskiftet 2020, og då vart også dei kyrkjelege fellesråda til Alver kyrkjelege fellesråd.
Alver har fem sokn, og pr 2021 eit medlemstal på rundt 23.000; som er 76% av folketalet. 
Kvart av sokna har eigne kontor, det same har fellesrådsadministrasjon. Det er også ei driftsavdeling som har ansvar for kyrkjegardar og kyrkjebygg. Nettside: Kyrkja.no/alver

 

Kontaktinformasjon:

Anne Sofie Uthaug
Dagleg leiar Meland sokn
 404 62 647
 
John Fredrik Wallace
kyrkjeverje
 48 284 872
Arbeidsgiver Alver kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Lonsvegen 1, 5914 Isdalstø
Publisert 2022-11-02
Søknadsfrist 2022-11-27
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Alver kyrkjelege fellesråd
Lonsvegen 1
5914 Isdalstø
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger