Assisterande kyrkjeverje/kontorleiar

Voss kyrkjelege fellesråd

Voss kyrkjelege fellesråd skal tilsetje assisterande kyrkjeverje/kontorleiar i fast heil stilling. Stillinga vil ha ei sentral rolle i fellesrådets administrative leiing og med utvikling av organisasjonen, og stillinga vil vere i tett samarbeid med kyrkjeverje. Det trengs ein handlekraftig og strukturert person med gode samarbeidsevner.

Kyrkjekontoret for Voss, i Uttrågata 5, er knutepunkt for kyrkjelege tenester i Voss herad. Kontoradministrasjonen består av dagleg leiar (kyrkjeverje), assisterande kyrkjeverje/ kontorleiar , og tre sekretærar i deltid. Fellesrådet har ansvar for over 25 medarbeidarar, 7 kyrkjebygg, og forvalting av 8 gravplassar. Det er 6 sokn i fellesrådsområdet. Det er eit høgt aktivitetsnivå, aktivt gudstenesteliv og mange frivillige medarbeidarar.

 

Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for budsjett –, rapporterings – og økonomiarbeid i fellesrådet, i dialog med kyrkjeverja.
  • Utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen i samarbeid med kyrkjeverja.
  • Ivareta arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i fellesrådet.
  • Ansvar for arbeidet med helse, miljø og tryggleik.
  • Ansvar for gravplassforvaltinga i samarbeid med kyrkjeverja.
  • Sakshandsaming til fellesrådet.
  • Deltaking i strategi-, plan- og utviklingsarbeid.
  • Vere vikar for kyrkjeverja.
  • Andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjoner

  • Me søkjer etter ein person med dokumentert erfaring / kompetanse innan leiing, rekneskap/økonomi – og personalarbeid.
  • Relevant utdanning på høgskule / universitetsnivå.
  • God IKT-kompetanse og gjerne erfaring med bruk av ulike fagsystem innan offentleg forvalting.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne.
  • God gjennomføringsevne.
  • Det er ein fordel å ha god kunnskap om offentleg forvalting.
  • Du må vere budd på å veksle mellom mange ulike arbeidsoppgåver innanfor ein arbeidsdag.

Personlige egenskaper

  • Du må ha gode samarbeidsevner og leiareigenskapar.
  • Du må kunne arbeide strukturert og effektivt.
  • Du må ha eit positivt engasjement for kyrkja sitt arbeid og kunne identifisere seg med kyrkja sitt oppdrag.
  • Du må vere imøtekomande og kunne kommunisere godt med publikum.
  • Vere løysingsorientert.
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
  • Kunne vidareutvikle eksisterande arbeidsmåtar og rutinar.
  • Stillinga krev god mellommenneskeleg kompetanse, og difor vert det lagt ekstra vekt på personlege eigenskapar.

Den tilsette må vere medlem i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor. (KA)
  • Sjølvstendige, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø med stor aktivitet.
  • Kurs og etterutdanning etter avtale.
  • Løn, pensjon og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsordning i KLP.

 

Kontaktinformasjon:

Svein Tøsse
kyrkjeverje
 
Vibeke Rasdal
kontorleiar
Arbeidsgiver Voss kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kyrkjekontoret Voss, Uttrågata 5, 5700 Vossevangen
Publisert 2024-03-13
Søknadsfrist 2024-04-02
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Voss kyrkjelege fellesråd

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger