Det er ledig stilling som Organist 70 % stilling i Strand kyrkjeleg Fellesråd med hovudteneste i Jørpeland sokn.
Stillinga kan aukast til 100% og kan då omfatte tilleggsoppgåver innafor trusopplæring, skriv gjerne noko om kva du kan bidra spesielt med innan trusopplæring.
Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger. Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus. Det er over 13.500 innbyggarar i heile kommunen.
Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv. Me har vakker natur med fjell og fjord. Det tar ca. 25.min å køyre til Stavanger.
Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune - Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) - og flygel. Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer - og piano og Tau kyrkje (2021) med flygel.
Det er 14 tilsette, medrekna 2 organistar til saman i begge sokn.
Stillinga medfører hovudansvar for Jørpeland sokn, og kontorplass i Jørpeland kyrkje -- men verkeområde i heile fellesrådsområdet.
Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som kan spele både orgel og piano, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.
Tiltreding: 01.08.24
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.
Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting.
Søknadsfrist: 21.mai
For meir opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Øystein Marton Lode. Sentralbord tlf: 51 74 11 30/41 25 83 84
Søknad på e-post til kyrkja@strand.kommune.no
Strand kyrkjelege fellesråd er arbeidsgivar for dei ansatte (utanom prestane) både på Jørpeland og Tau, og ordner dei praktiske rammene rundt arbeidet . Les meir på nettsida, som spesielt presenterer arbeidet på Jørpeland og har lenke til fellesrådet.
Nettsted: https://www.jørpeland-menighet.no/