Då dagleg leiar nærmar seg pensjonsalder, søkjer hotellet etter ein ny person i denne stillinga. Den som blir tilsett vil ha ansvaret for den dagleg drifta, og i samråd med eigarane vere med å utvikle hotellet vidare.
Ein må rekne med ei fleksibel arbeidstidsordning.
Innvik Fjordhotell er eigd av normisjonsforeiningar i regionen, og den som vert tilsett må kunne stille seg bak Normisjon sitt verdigrunnlag og arbeide i samsvar med dette.
Oppstart i stillinga vil vere etter avtale, men det er ønskjeleg seinast våren 2025.
Det er utarbeidt instruks for stillinga og løns og arbeidsvilkår vil bli fastsett etter avtale.
Hotellet kan vere til hjelp med å skaffe bustad.
Om du syns dette kan vere ei interessant stilling å gå inn i, er vi interessert i å kome i kontakt med deg til ein uforpliktande samtale. Det ligg mange muligheter i det å vere med å leie og utvikle denne bedrifta som er meir enn eit hotell.
Kontaktperson for stillinga er styreleiar Svein-Ottar Sandal, tlf 90969342
Epost: svein.sandal@enivest.net
Søknadsadresse: post@innvikfjordhotell.no adr Gamlevegen 21, 6793 Innvik.
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90