Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Stranda og Liabygda sokn som særskild tenestestad

Møre bispedømme

Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Stranda og Liabygda sokn som tenestestad.

Saman med Norddal, Stordal, Sunnylven og Geiranger sokn utgjer dette eit samarbeidsområde med tre sokneprestar. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

I samarbeidsområdet er det 2 trusopplærarar i 150 % stilling, og deler arbeidet mellom alle sokna i samarbeidsområdet. Det er svært god oppslutning om konfirmasjon med felles undervisning for begge sokna. Det er mellom 35 og 40 konfirmantar. Det er også fleire felles arrangement for konfirmantane innan samarbeidsområdet. Soknepresten har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men trusopplærar er også med ved fleire høve.

Etter gjeldande gudstenesteforordning får Stranda sokn 41hovudgudstenester på søn- og helgedagar, og Liabygda 16 for året.

Stranda er ein jordbruks- og industrikommune. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustri. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskulen har særs høg kvalitet og mange ulike retningar å velje mellom. Det er stor aktivitet innan fotball og handball.

Stranda kommune ligg midt i hjartet av turismen på Vestlandet, med eit landskap prega av vakre fjordar og høge fjell. Delar av Sunnmørsalpane ligg innanfor kommunegrensa og er eit eldorado for friluftsliv sommar som vinter.  Stranda skisenter har 7 heiser og 18 nedfarter, og er rekna som eit av dei beste skisentera i landet.

I Stranda er det omsorgssenter, og i Liabygda omsorgsbustader.  Soknepresten har regelmessig andakter på desse.

Stranda kyrkje ligg i sentrum like ved prestegarden, og vart bygd i 1838. Det er god ferjeforbindelse til Liabygda sokn. Kyrkja der er ei vakker trekyrkje frå 1917. Kyrkjegarden er velstelt og omkransar kyrkja.

I Liabygda sokn driv nokre frivillige eit godt arbeid blant barn og unge i tilknyting til bedehuset.

I tettstaden Stranda finn du rådhus, bankar, butikkar, post, barnehagar, grunnskular, to vidaregåande skular, idrettshallar, regionalt kulturhus, kunstgrasbane, småbåthamn, helsesenter og eit bu- og aktivitetssenter for eldre. Stranda har organiserte fritidstilbod for alle aldersgrupper. Bussambanda til Ålesund, Oslo, Bergen og Trondheim er gode.

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv den vidaregåande internatskulen ”Vestborg” med ca. 100 elevar på Stranda. Dei har også eit barne- og ungdomsarbeid. Her er misjonsforeiningar for ytre- og indremisjon.

Folkekyrkja står sterkt i dette området og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Ny gudstenesteordning og trusopplæringsplanar gir mange spennande utfordringar i tida framover.

Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelydane.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid.
  • I samarbeidsområdet deler dei tre prestane på gudstenester og kyrkjelege handlingar mellom seg etter oppsett arbeidsplan, og har ein godt innarbeidd tenesteveketurnus.
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Soknepresten er med i beredskapsordning for prestane
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskapar og gode evner til samarbeid med kolleger og tverrfagleg.  
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje. 
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
  • Ordinert søkjar som er stabsborgar i anne EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer.  Nynorsk vert nytta i kyrkje og skule.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
  • Løn etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønsgruppe 1555 sokneprest.  Innskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet.  Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar
  • Prestebustaden som ligg like ved Stranda kyrkje, kan bli stilt til disposisjon for presten.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne

 

Stranda og Liabygda sokn ligg i Nordre Sunnmøre prosti, som omfattar kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Ålesund, Giske og Sula, med til saman 24 sokn og eit folketal på om lag 98.000 innbyggjarar. Prostesetet ligg i Ålesund. Kommunane Fjord og Stranda utgjer Storfjorden fellesrådsområde.

I Stranda kommune bur det 4600 innbyggjarar. Av desse bur 3600 i Stranda sokn og 200 i Liabygda. Stranda sokn har kyrkjelydshus som ligg fint til ved Stranda kyrkje og inneheld gode lokalitetar for kyrkjelydsarbeid. Huset er mykje nytta. Her har soknepresten kontorfellesskap saman med kyrkjelydssekretær, trusopplærar, kantorar, kyrkjegardsarbeidar, kyrkjeverje og rådgjevar innan økonomi i Storfjorden kyrkjelege fellesråd.

Frå Stranda er det ei reisetid på 1 t og 10 min til Ålesund, og derfrå 20 minutt til flyplassen på Vigra. Til Volda er reisetida 1 t og 15 min.

Les meir her: strandafjellet.nonorddal360.no360norway.net og 360moods.no/strandafjellet/

 

Kontaktinformasjon:

Svein Runde
Prost
 (+47) 911 14 095
 svein.runde@kyrkja.alesund.no
 
Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 92235009
 ah242@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda
Publisert 2022-11-22
Søknadsfrist 2022-12-19
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

"Prest i Norges vakraste og mest mangfaldige bispedøme"

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger