Sokneprest i Indre Nordmøre prosti med Tingvoll og Straumsnes sokn som særleg tenestestad

Møre bispedømmeråd

Det er ledig stilling som sokneprest i Tingvoll og Straumsnes sokn med Indre Nordmøre prosti som tenestedistrikt. Stillinga har Tingvoll og Straumsnes sokn som særskilt arbeidsområde, men presten skal og gjere teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell saman med Tingvoll og Gjemnes kommunar.

Soknepresten i Tingvoll har kontor- og stabsfellesskap med dei fellesrådstilsette på kyrkjekontoret i Tingvoll. Det er kyrkjeverje og organist, kvar i 100 % stilling, kontorsekretær i ca. 60 % stilling, trusopplærar i 10 % stilling, 2 kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar  i 100 og 75 % stilling kvar.

Soknepresten har sete i Tingvoll sokneråd og Straumsnes sokneråd Soknepresten gjer tidvis teneste i Øre og Gjemnes sokn. 

Tingvoll sokn med ca. 2.100 innbyggjarar ligg sentralt i Tingvoll. Kyrkja er ei særs vakker steinkyrkje  frå 1100-tallet med ca. 430 sitjeplassar.  Straumsnes sokn med 900 innbyggjarar ligg i utkanten av kommunen i retning Kristiansund. Det er ei kvit trekyrkje frå 1864 med sitjeplass til om lag 280.

I sokna er det eit utval for diakoni og dåpsopplæring. Det er kyrkjekor i Tingvoll som vert drive av organisten, og lokalt kor i Straumsnes som også deltek ved gudstenester. Det er i tillegg eit barnekor og fleire misjonsforeiningar. 

Heimeside: https://kirken.no/tingvoll

Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Soknepresten har hovudansvar for konfirmantane og undervisninga. 
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning.
  • Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, og du vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjar må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Liturgi og tenestemål i området er nynorsk.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med på å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
  • Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
  • Arbeidsgiver kan vere behjelpelig med å finne bustad.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagde.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov og tros- og livssynssamfunn § 20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Indre Nordmøre prosti omfattar kommunane Tingvoll, Gjemnes, Sunndal og Surnadal. Det er til saman 13 sokn og 4 fellesråd.  Medlemstalet i kyrkja er høgt. I prostiet er det  7,5 stillingar som sokneprest og ein prost fordelt på 3 samarbeidsområde. Tingvoll sokn, Straumsnes sokn, Øre sokn og Gjemnes sokn utgjer eit av desse områda. Det er to sokneprestar i samarbeidsområdet.

Tingvoll kommune er ein jordbrukskommune i indre og nordlege del av Møre bispedøme/ Møre og Romsdal fylke. Kommunen har om lag 3.000 innbyggjarar.

Kommunen har 3 barneskular, 2 ungdomsskular og vidaregåande skule i tillegg til 3 barnehagar. Det er kommunal kulturskule. Det er fleire kor og musikklag i kommunen. Kommuneadministrasjonen er i Tingvoll sentrum. Her er det også legesenter, butikkar m.m. Målforma er nøytral i kommunen mens kyrkja har nynorsk liturgi. Den næraste byen er Kristiansund med ca 1 times køyring til Kvernberget flyplass, sjukehus og høgskolesenter. Det er ca ½ times køyring til Krifast med ”TIMEekspress” nord- og sørover i fylket.

 

Kontaktinformasjon:

Vidar Wilhelmsen Rygh
Konstituert prost
 91763663
 vidar.rygh@surnadal.kyrkja.no
 
Lars Skagestad
Rådgjevar
 (+47) 90986353
 ls273@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Prestgardsvegen 44, 6630 Tingvoll
Publisert 2021-12-21
Søknadsfrist 2022-01-31
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger