Kyrkjelydens profil
Folkekyrkja står sterkt i kommunane Evje og Hornnes og Åseral. Eit stort fleirtal av innbyggerane er medlemmer av Den norske kyrkja, og oppslutninga om kyrkja er god og stabil. Soknepresten samarbeider med soknepresten i Bygland og deler kontorfellesskap med kyrkjeverje (100 %), kyrkjelydssekretær (50 %), kateket og trusopplærarar. Staben er elles samansett av kyrkjetenarar og to vikarorganister.
Kyrkjelydene har utval for trusopplæring, dåp, konfirmantar, diakoni, misjon og gudsteneste. Mange frivillige medverkar, og det arbeidast kontinuerlig med rekruttering av frivillige. Dei kristne organisasjonane står sterkt i begge kommunane, og kyrkjelydane er ein pådrivar i å søke godt samarbeidet med desse. Kommunene tek ansvar for at krava i Kyrkjelova vert følgde og løyver også midlar til barne- og ungdomsarbeidet og til diakoni.
Det er eit godt samarbeid mellom prestane i prostiet. Dei møtast regelmessig til tenestekonferansar.
Kyrkjelydenes visjon og hovudmål
Vi vil vere kyrkje for alle. Guds kjærleik famnar om alle menneske, og vi vil leggje til rette for at alle kan oppdaga og erfara at dei har ein heim i Guds kyrkje på jorda. Vi vil arbeide for større nærleik til det livet folk lever, og vi vil vere eit godt reisefølgje gjennom livet slik at den kristne trua kan bli vekt og styrka. Vi ønskjer at dette skal prega liturgi, forkynning, tiltak i trusopplæringa, kyrkjelydsbladet og arbeidet elles.
Satsingsområde i kyrkjelyden
Vi ønsker ein sokneprest med trygg identitet i folkekyrkja. Trusopplæring er eit satsingsområde, og planene er omfattande sett i høve til storleiken på kyrkjelydene. Vi har fleire punkttiltak og nokre kontinuerlege. Vi fokuserer på kvalitet på tiltaka. Økonomien gjev rom for ein god del, men jobben med å få fleire menneske i teneste er ei utfordring. Vi ønskjer å ha meir fokus på leiartrening av konfirmantar og på å integrere konfirmantarbeidet i ungdomsarbeidet. På denne måten kan vi hjelpe til med å byggje opp unge, kristne fellesskap i bygda.
Gudstenestelivet
På vanlege gudstenester er deltakinga moderat, men stabil, med ei kjerne av eldre menneske.
Deltakinga om familiegudstenester knytt til dåps- og trusopplæringstiltak er bra. Vi ønskjer å arbeide for å videreutvikle gudstenestelivet.
For øvrig
Den som blir tilsett må rette seg etter:
- endringar i tenesteordning for sokneprestar/kapellanar og reglar om lønsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn
- alle avgjerder som måtte bli tekne med omsyn til tenesta og tenestestaden
Det blir nytta nynorsk. Søkar må stadfeste at han/ho meistrar begge målformer.
Den norske kyrkja skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Ved tilsetjing blir det teke atterhald om at den som blir tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Anmodning om å få sitt namn unntatt frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Kommunene Evje og Hornnes og Åseral er to tradisjonsrike innlandskommuner i Agder. Evje og Hornnes er en kommune i vekst, og med sine fire tusen innbyggere fungerer stedet som et knutepunkt for områdene i Indre Agder. Mange pendler til og fra Evje i retning Kristiansand, Arendal, Vennesla, Åseral og Setesdal. Evje og Hornnes preges av friluftsliv og turisme i storslått natur sommer som vinter. Bygda satser aktivt og bredt innenfor idrett, kultur og næringsutvikling. Evje har et populært og levende sentrumsområde med butikker, cafeer, bakeri og hotell. Kirken nyter solid tillit i lokalsamfunnet med betydelig oppslutning både i hovedkirken Evje kyrkje og Hornnes kyrkje, begge trekirker oppført i klassisk 1800-tallsstil.
Åseral kommune grenser til Evje og Hornnes i vest. Dette er en betydelig mindre bygd med i underkant av tusen innbyggere. Åseral er en tradisjonell innlandskommune i Agder hvor kraftnæringen sørger for stabile, økonomiske rammer. Landbruk og håndtverkerindustri preger arbeidslivet i bygda, og det sosiale livet står sterkt blant innbyggerne. Også her er kirka en viktig aktør som binder sammen generasjonene. Åseral kyrkje er hovedkirke, men Åknes kapell og Ljosland kapell også benyttes jevnlig til gudstjenester og kirkelige handlinger. Evje og Hornnes og Åseral har felles kirkelig administrasjon med kontor både på Evje og i Åseral. Begge stedene er samarbeidet med kommunen svært godt.
Kontaktinformasjon: