Drifts- og administrasjonsarbeidar (60 – 100% fast stilling)

Er du ein person som ynskjer å gi folk eit godt møte med både Gud og menneske, so tek vi gjerne imot søknad frå deg på stilling som Drifts- og administrasjonsarbeidar.

Lyngmo Ungdomssenter AS er Indremisjonsforbundet (ImF) og Misjonssambandet vest sin leirstad på Hafslo i Sogn. Oppdraget vårt er å drive leirarbeid og andre kristne arrangement for barn, ungdom, familiar og vaksne. Sommardrifta med Lyngmo Gjestehus og Camping, samt utleige til konferansar og selskap er viktig for å finansiere den ideelle drifta. Lyngmo har blitt bygd ut i fleire omgangar etter oppstarten i 1965; hovudbygg i 1989, internat i 2004 og ny fløy med rom, gymsal og sanitær til campingplassen i 2016. Dei tilsette vert ein del av Team Lyngmo, som er eit fellesskap av 7 fast tilsette, ca. 15 sommarvikararar og mange gode dugnadshjelparar, som totalt bidreg med 4 – 5 årsverk. Dette fellesskapet av tilsette og dugnadspersonar arbeider saman for at me skal nå lengst mogleg med oppdraget vårt med å dele evangeliet med nye generasjonar!

På grunn av avgang med pensjon og overgang til andre oppgåver treng me fleire nye tilsette i løpet av året.

Oppgåvene i dei ulike stillingane kan til ein viss grad kombinerast og tilpassast søkar sine interesser og eigenskapar.

Det er moglegheit for tilsette til å leige personalbustad på Lyngmo.

 

Stillinga er variert med drift, administrasjon og vertskapsrolle for gjestene. Det er gode moglegheiter for personleg vekst og for å bidra til vidare utvikling av Lyngmo.

  • Oppfølging og utvikling av eigne arrangement og ansvar for ekstern utleige saman med dagleg leiar
  • Vertskap for gjestene våre
  • Utvikling og drift av Lyngmo Gjestehus og Camping
  • Oppfølging av IT, booking- og kassesystem
  • Oppfølging av bygningar og uteområde. Organisering i samarbeid med vaktmeister og dugnadspersonar.
  • Oppfølging av HMS-systema

 

Arbeidsoppgåver:

  • Det er varierte arbeidsoppgåver. Oppgåver og arbeidsmengde vil variere gjennom året.
  • Det må påreknast noko arbeid på kveld og helg knytt til arrangement-, kjøkken- og sommardrift.
  • Oppgåvene i dei ulike stillingane kan til ein viss grad kombinerast og tilpassast søkar sine interesser og eigenskapar.

  

Kvalifikasjonar:

  • Evne til å jobba aleine men også i team. Bygge team ved å hjelpe og støtte kvarandre i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Evne og kapasitet til å stå på i hektiske periodar
  • Personlege eigenskapar og egnethet vil bli vektlagt
  • Ønske om relevant utdanning og/eller erfaring innan administrasjon/økonomi
  • Språk: Tydeleg og god i norsk munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med god forståing og erfaring frå databruk

  

Til slutt:

Den tilsette er formelt tilsett av Lyngmo Ungdomssenter AS og har fast arbeidsstad på Lyngmo.

Me føreset at søkar bekjenner den kristne trua og kan identifisere seg med Lyngmo og eigarane sine føremål og verdiar i samsvar med Lyngmo sitt verdidokument.

Me føreset at søkar kan legge fram gyldig politiattest.

Lønn etter Lyngmo sitt regulativ.

  

For spørsmål eller informasjon kontakt leiar for tilsettingskomiteen:
Sondre Orrestad, 
s.orrestad@imf.notlf 482 89 762

Heimesida til Lyngmo: www.lyngmoinfo.com

 

Søknad, CV og referansar kan sendast til s.orrestad@imf.no

  

Søknadsfrist: 15. september. Søknader vert handsama fortløpande.

Oppstart: Etter avtale.

 

 

Arbeidsgiver Lyngmo Ungdomssenter
Kategori Kultur, idrett og organisjoner
Arbeidssted Lyngmo 21, 6869 Hafslo
Publisert 2024-08-21
Søknadsfrist 2024-09-15
Stillingstype Fast, 60-100%
Antall stillinger 1
Sektor Privat
Søk på stillingen
Lyngmo Ungdomssenter
Lyngmo 21
6869 Hafslo
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger