Rådgjevar personal

Den norske kirke, Møre bispedøme

Møre bispedøme ser etter ein ny medarbeidar som vil vere med å utvikle arbeidet med vår viktigaste ressurs - våre tilsette. Stillinga er plassert i personalavdelinga, og avdelingsleiar personal er næraste leiar. Personalavdelinga bistår biskop og stiftsdirektør i leiing og organisering av prestetenesta, og bispedømekontoret skal ta i vare dei personalmessige og administrative oppgåvene knytt til dette. 

Vi ser og etter ein rådgjevar som vil jobbe med å videreutvikle samarbeidet og relasjonane med sokna ved kyrkjeverjen, og saman med prosten bidra til samskaping og gode løysingar lokalt. God relasjons- og nettverkskompetanse er viktig, og også kjennskap til Den norske kyrkje og til kyrkjeleg verksemd.

 

Arbeidsoppgåver

  • Rekruttering og tilsetting
  • Sakshandsaming og rådgjeving for arbeidsgivar
  • Sekretærfunksjoner for biskop og stiftsdirektør
  • Administrative oppgåver knytt til lønn, permisjonar, sjukemeldingar og arbeidstidsavtalen
  • Oppfølging av beredskapsplanverk
  • Sakshandsaming, vegleiing og oppfølging av avviks- og varslingssaker
  • Gjennomføring av Veien til Vigsling i samråd med biskopen
  • Administrativt ansvar for arbeidsvegleiing
  • Kompetanseutvikling
  • Koordinering av HMS arbeidet
  • Leiarstøtte

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå personalarbeid
  • God kjennskap til Den norske kyrkja og kyrkjeleg verksemd
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på begge målføre
  • Erfaring innan sakshandsaming
  • Medlem av Den norske kyrkja
  • Om du er godt eigna vil bli tillagt vekt

 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og relasjonsevner
  • Fleksibel og med evne til omstilling
  • Evne til å samarbeide sjølvstendig og strukturert

 

Vi tilbyr

  • Lønn i stilling 1464 Rådgiver
  • Innskudd i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode kontorlokale sentralt i Molde.

 

Ettersom fleire tilsette har lang arbeidsreise blir det lagt til rette for at ein kan ha lokal kontorstad, men med faste møtedagar ved kontoret i Molde.
Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.m. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
Dersom ein søkjar ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt, og dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
For nærare informasjon om denne stillinga, kontakt avdelingsleiar personal Anne-Marit Hagelund.

 

Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke og består av 95 sokn og 25 kyrkjelege fellesråd fordelt på 6 prosti. Møre bispedømmekontor er felles administrasjon for Møre biskop og Møre bispedømmeråd. Bispedømmerådet har økonomi-, plan-, budsjettansvar, fordeler ressursar, tilset i prestestillingar og er godkjennings- og klageorgan. Møre biskop er tilsynsorgan for kyrkjeleg verksemd og tilsette, leier prestetenesta og er godkjenningsorgan for kyrkjer og lokalkyrkjeleg planverk. 

Det er gjort vedtak om ny kyrkjeleg organisering.  Dette vil innverke på ansvar, oppgåver og organisering av verksemda.

Bispedømmekontoret er i tidsmessige lokale og ligg sentralt i Molde. Kontoret er delt inn i  Avdeling for Kyrkjefag og Avdeling Personal. Etter omorganisering er ein del merkantile funksjonar isom lønn og økonomi, IT og telefoni lagt til nasjonale einingar som gjer oppgåver på vegner av bispedøma og Kyrkjerådet. All sakshandsaming og store delar av møtevehandlinga er fullelektronisk.  Ttilsvarande gjeld for løn, økonomi og andre merkantile funksjonar.  

 

Kontaktinformasjon:

Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Moldetrappa 1, 6415 Molde
Publisert 2023-11-10
Søknadsfrist 2023-12-08
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger