Kyrkjeverje / dagleg leiar

Midt-Telemark kommune har ca. 10500 innbyggjarar, er ein kommune i vekst, og med eit yrande liv både blant studentar, handelsfolk, organisasjonsliv og kyrkjefolk. Kommunen er eit sentrum for landbruk, fruktdyrking, utdanning, handel og samferdsel. Her finst rike kulturelle tradisjonar, eit aktivt kyrkjelydsarbeid og heile tre middelalderkyrkjer. Tilhøva ligg også godt til rette for eit variert friluftsliv med nærleik til både vatn og høgfjell. Det er 5 mil til Skien, 15 mil til Oslo, og her finst eit godt utbygd nett av offentleg transport med jernbane og buss.

Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd lyser med dette ut 

100 % fast stilling som kyrkjeverje/ dagleg leiar.

 

Me søkjer etter ein person som kan gå inn i arbeidsfellesskapet som ein tydeleg leiar for dei tilsette i fellesrådet. Du må ha evne og vilje til å setja deg inn i det mangfaldige arbeidet som ligg til ei slik stilling. Som kyrkjeverje er du ein nøkkelperson i Den norske kyrkja i lokalsamfunnet, i godt samarbeid med dei tilsette, sokneråda og kommunen. Tilknytta fellesrådet i Midt-Telemark har vi to sokn der vi finn ein kyrkjeverje, sakshandsamar, menighetssekretær, kantor, organist, korleiar, diakon, 5 kyrkjetenarar, reinhaldar, to sokneprestar og ein kapellan.   

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for fellesrådet si verksemd 
  • Sakshandsaming og sekretæroppgåver for sokneråd og fellesråd 
  • Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
  • Økonomiansvar for fellesrådet sitt budsjett
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer
  • Administrasjon av gravplassar
  • Dagleg drift av kyrkjekontoret

Kvalifikasjonar 

Det er inga spesiell utdanning for å bli kyrkjeverje, men sidan dette er ei leiarstilling med totalansvar for verksemda så er det ein stor fordel å ha relevant høgskule-/universitetsutdanning innanfor personal/ HR, økonomi, teologi, offentleg forvaltning og administrasjon eller andre relevante områder. Me vil og leggja vekt på om du har følgjande: Kunnskap om kyrkjeleg drift og organisering, gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid og nettverksbygging, god skriftleg og munnleg framstillingsevne også på nynorsk, kunnskap om rekneskap og praktisk økonomiarbeid.

Personlege eigenskapar

I ei slik stilling er det like viktig kven du er som kor mykje du kan i utgangspunktet. Du bør ha eit sterkt engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet. Du må ha vilje og evne til å setje deg inn i gjeldande lov- og regelverk, nye arbeidsoppgåver og nye fagfelt. Du må kunna arbeide sjølvstendig og strukturert, samstundes som du samarbeider godt i stab og råd. 

Me tilbyr

  • Ein sjølvstendig, spennande, utfordrande og meiningsfull jobb i eit godt stabsfellesskap
  • Varierte arbeidsoppgåver og fleksibel arbeidstid
  • Nye og gode kontorlokale, digitale verktøy og fagsystem
  • Tilbod om relevant opplæring og eksterne kurs
  • Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP
  • Kollegaforum i prostiet og i bispedømmet 

Kyrkjeverja må vera medlem i Den norske kyrkja, og vera lojal mot dei ordningar og vedtak som gjeld. Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av nyare dato, jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn §20. Administrasjonsspråket i Midt-Telemark er nynorsk, og du må disponera eigen bil. Kontorplass er i kyrkjekontora på Bøhaugen og minst ein dag i veka på kyrkjekontoret på Gvarv.

 

Søknadsfrist: 24. mars

Kontaktperson: Leiar av Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd Bjørnar Nesje, 400 11 011

Søknader og CV vert å senda både på e-post til leiar av kyrkjeleg fellesråd bnesje@gmail.com og på papir til Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd, Kyrkjevegen 78, 3800 Bø i Telemark. Merk konvolutt med «Søknad kyrkjeverje». 

Arbeidsgiver Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kyrkjevegen 78, 3800 Bø i Telemark
Publisert 2023-03-09
Søknadsfrist 2023-03-24
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd
Kyrkjevegen 78
3800 Bø i Telemark
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger