Det er ledig stilling som sokneprest i Indre Romsdal prosti med Grytten og Voll sokne som særskild tenestestad.
Soknepresten har sete i Voll sokneråd og Grytten menighetsråd. Presten gjer også teneste i eit samarbeidsområde som geografisk fell samen med Rauma kommune. Heile Indre Romsdal prosti er tenestedistrikt. Prosten har sete i Kors og Øverdalen sokn, medan den tredje presten har sete i Hen, Eid og Holm sokn. Alle prestane gjer teneste i heile samarbeidsområdet og ein må rekne med tenester i prostiet for øvrig.
Det er kyrkjeverje i 100% stilling, 2 organistar i til saman 130% stilling, kontorsekretær i 40% stilling, diakon i 70 % stilling, trusopplæringsmedarbeidarar i 100 % stilling, prostesekretær i 20% stilling, samt klokkarar og kyrkjetenarar i mindre deltidsstillingar. Prestane og dei fellesrådstilsette har kontor- og stabsfellesskap ved kyrkjekontoret på Åndalsnes.
Voll sokn, med om lag 1000 medlemmer, har kyrkje i Måndalen. Innfjorden bedehuskapell ligg og i soknet. Bedehuskapellet er eigd av Innfjorden bedehusforening. Det er ca. 25 gudstenester i året i Voll sokn.
Grytten sokn har om lag 2300 medlemmer og kyrkja står på Veblungsnes. Det er om lag 30 gudstenester i Grytten kyrkje.
Det er god oppslutnad om dåp og konfirmasjon både i Voll og Grytten. Kyrkjelydane i Rauma har eit felles diakoniutval. Trusopplæring er organisert i begge sokna. Trusopplæringsmedarbeidaren er med i alle kyrkjelydane. Anna kyrkjebyggjande arbeid blir også gjort av uløna medarbeidarar. I kommunen har vi eit gospelkor for vaksne.
Organistane har eit nært samarbeid med andre song- og musikkutøvarar i gudstenester og til song- og musikkarrangement. I samarbeidsområda er det mange bedehus, der det fleire stader er god aktivitet. Samarbeidet mellom kyrkja, skulane og dei frivillige organisasjonane er positivt og godt.
I Åndalsnes ligg endestasjonen for Raumabanen med bussforbindelse til Molde og Ålesund. Næringsgrunnlaget er dominert av jord-/skogbruk, industri og reiseliv. Åndalsnes er kommunesenteret med kommuneadministrasjon, legesenter og butikkar og nytt helsehus. Kommunen har god barnehagedekning og har 4 kommunale barneskuler, 3 ungdomsskular, ein vidaregåande skule og ein privat barneskule. Det er også kommunal musikk- og kulturskule. I Rauma kommune er det aktive idrettslag og andre ulike lag og foreiningar.
Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Anna
Rauma kommune ligg i Møre og Romsdal og har noko av Noregs villaste fjellområder med mellom anna Trollveggen, Romsdalshorn og Venjetindane. Kommunen har 7400 innbyggjarar og kommunesenteret på Åndalsnes er også kjent som Noregs tindehovedstad. Det er eit fantastisk område for mennesker som er glad i friluftsliv, og med visjonen om å bli "Verdens beste kommune for naturglade mennesker", ønsker kommunen å stimulere til aktivt bruk av den spektakulære naturen.
Kontaktinformasjon: