Sokneprest i Ørskog/Prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti

Møre bispedøme

Det er ledig inntil 100% stilling som sokneprest/prostiprest Nordre Sunnmøre prosti, med primær tenestestad  i Ørskog  sokn.

Soknepresten vil også gjere teneste som prostiprest i prostiet. 

Ørskog kyrkje frå 1873 er ei langskipskyrkje med 600 sitjeplassar, og med eit forordna gudstenestetal på 35 gudstenester.  Rundt kyrkja ligg ein pent stelt gravplass.

Ørskog kyrkjelyd har eit godt og tenleg kyrkjelydshus like ved kyrkja, «Kyrkjetorget». Kyrkjelyden driv  bruktbutikk i bygget. Det gjev eit årleg netto tilskot på ca ein halv million kroner som i hovudsak vert brukt til arbeid i kyrkjelyden. Her er kontor for dei tilsette, forsamlingssal og møterom. I soknet er det kyrkjetenar, og saman med Skodje sokn deler ein på kateket, diakon/kyrkjelydspedagog,  kantor og dagleg leiar. Du er velkommen til å delta i ein god stab med eit godt arbeidsmiljø!

I soknet ligg Sjøholt bedehus, med noko møteverksemd og søndagsskule.  Sunnmøre Indremisjon er i ferd med å etablere Sjøholt fokehøgskule i soknet, med første elevopptak frå hausten 2021.  Kyrkjelyden har gudstenesteutval,  trusopplæringsutval og  misjonsprosjekt.  Det vert dreve eit godt og omfattande trusopplæringsarbeid, - inkl konfirmantarbeid. Det er god oppslutning om tiltaka.  Soknepresten deltek i dette arbeidet.

Soknepresten har sete i Ørskog sokneråd, og har eit nært samarbeid med soknepresten i Skodje.

Ørskog ligg sentralt til med kort avstand til Moa (25 minutt) og Molde ( 1 time inklusiv ferje). I Ørskog er det eit rikt kulturliv mellom anna med kor, korps og kulturskule, og eit nytt og framtidsretta skulebygg. Det er god barnehagedekning.

For nærare informasjon sjå: : https://orskog.kyrkjelyd.no/

Vi ønskjer helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jr. Offentleglova § 25.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv blir fremja i kyrkjelydane
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, deltar i dåps- og konfirmantopplæringa, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid
  • Soknepresten må også pårekne arbeid i andre delar av prostiet
  • Soknepresten og resten av staben tek del i kyrkjelyden si trusopplæring og anna arbeid
  • Det vil så langt muleg bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane. Nynorsk er nytta i kyrkje og skule
  • Prestane i prostiet går inn i beredskapsordning
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i «Forskrift om tilsetting av menighetsprest» 
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" VTP. Ordinasjon føreset normalt fullført VTP
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemsskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest § 6
  • Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformene
Personlege eigenskapar
  • Evne til pastoralt leiarskap, og gode samarbeids- og gjennomføringsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og planmessig
  • Evne til å utruste og motivere frivillige medarbeidarar
  • Erfaring frå arbeid som prest i kyrkjelyd eller tilsvarande erfaring
  • Kan samarbeide kollegialt og tverrfagleg med stab, sokneråd og frivillige, og tenke kreativt om fellesskap og gudstenesteliv
  • Vidareutvikle og skape entusiasme rundt dei prioriterte arbeidsområda kyrkjelyden har
  • Setje av tid til eiga fornying både fagleg og menneskeleg
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Fleksibel og initiativrik
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
  • Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalen i staten, stillingskode 1555 sokneprest. 
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter fastsette vilkår. Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtalar, reglement med meir og andre avgjersler som kan ha innverknad på gjeremål i tenesta.
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Gode kontorlokaler og stabsfellesskap.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og disponere eigen bil til bruk i arbeidet.
  • Med heimel i Arbeidsmiljølova § 13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt.
  • Den som får tilbod om stilinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkulven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta.  Folketalet i soknet og i prostiet er veksande. Ørskog sokn ligg i Ålesund kommune og har omlag 1700 kyrkjemedlemmer.

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim, med eit folketal på ca 65000 innbyggjarar. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er sterkt forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og NTNU, og her finn vi Ålesund sentralsjukehus. Det er gode kommunikasjonar med eit trafikkknytepunkt på Moa med hovedferdsleåra nord/syd på Vestlandet og austover.   Ålesund  lufthamn, Vigra, ligg berre 50 minutt unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar

Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar. Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter, med ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder. I soknet er det idrettshall og eit alpinanlegg.

Sunnmøre Indremisjonsforbund driv Ålesund Folkehøgskule, og er no i ferd med å etablere Sjøholt fokehøgskule i soknet. 

 

Kontaktinformasjon:

Svein Runde
Prost
 (+47) 911 14 095
 svein.runde@kyrkja.alesund.no
 
Lars Skagestad
Rådgjevar
 90986353
 ls273@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Ørskog kyrkjekontor, Kyrkjevegen 14, 6240 Ørskog
Publisert 2021-12-15
Søknadsfrist 2022-01-31
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

"Prest i Norges vakraste og mest mangfaldige bispedøme"

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger