Er du engasjert i barn og ungdom og synest det er viktig å formidle den kristne trua til nye generasjonar? Vil du vere med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet og bygge kyrkjelyd? Vi ønsker oss ein medarbeidar som kan vere med å vidareutvikle dei tiltaka vi har og som kan sjå potensialet og dei moglegheitene den flotte arbeidskyrkja vår gjev oss.
Herøy er ei kystkommune lengst sør i Møre og Romdal med oppunder 9000 innbyggjarar. Øykommunen vår er bunden saman av bruer og kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Øya Herøy er ein av nøkkelstadane på Kystpilgrimsleia. Kyrkja er med i nøkkelstadgruppa, og er aktiv med i pilegrimsarbeidet.
Vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda og har god kommunikasjon til både Bergen, Oslo og Trondheim. Det tek om lag 75 minutt å reise til Ålesund.
Kommunen har ein variert natur med kort veg til sjø og fjell. Sunnmørsalpane og fjordlandskapet i indre del av Sunnmøre er berre ein liten time unna. Der er det også mange moglegheiter for rekreasjon og aktivt friluftsliv.
Herøy kommune har eit rikt kulturliv innan mange ulike områder og kommunen har blitt kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal i 2020 og var ein av fire finalistar i 2023 på landsbasis.
I fellesrådsområdet er det tre sokn med ei kyrkje i kvart sokn, bygd i ulike hundreår. Kontorarbeidsplassen ligg i Herøy kyrkje og kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydssal, kyrkjestove, kontor, barne/ungdomsavdeling med eigen gymsal, amfi og lokale til open barnehage/møtestad.
Høyrest stillinga spanande ut og har du lyst å arbeide i ei kystkommune som er nabo til Sunnmørsalpane – då håper vi at nettopp du søkjer på stillinga som kateket hjå oss.
Du:
Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle kyrkjelydsarbeidet. Vi vil legge til rette for at du kan utdanne deg til kateket dersom du ikkje alt er kateketutdanna. Arbeidsoppgåvene er varierte og du vil få utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling og vekst. Som tilsett blir du ein del av eit kontorfellesskap i ei godt tilrettelagt arbeidskyrkje. Saman med eit flott team, beståande av engasjerte medarbeidarar og frivillige, skal du utføre arbeidet i tre ulike kyrkjer/sokn.
Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Det vert kravd politiattest, jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20. Den som blir tilsett må rekne med arbeid på ettermiddag/kveld og i helg. Du bør ha førarkort, og det er fint om du disponerer eigen bil. I tilsetjinga vil vi legge vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar. Er medlem i Den norske kyrkja
Birgitte Sævik Pedersen, 41860781, kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no