Kateket/kyrkjelydspedagog

Er du vår nye kyrkjelydspedagog?

Vi søker kateket / kyrkjelydspedagog i 40 % fast stilling

Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig 40 % fast stilling som kateket/kyrkjelydspedagog i Aukra sokn. Stillinga omfattar i første omgang oppgåver og ansvar for kyrkjeleg undervisning for barn og unge i aldersgruppa 0 – 18 år etter vedteken trusopplæringsplan. Planen står framfor revisjon i høve til nyleg vedteken Plan for kirkelig undervisning og læring.

Aukra er ein eittsoknskommune med 3700 innbyggarar, der om lag 2550 personar bur på hovudøya Gossen og 1150 i fastlandsdelen Julsundet. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre kyrkjeleg undervisning og læring retta mot barn og ungdom
  • Ta del i konfirmantarbeidet
  • Rekruttere, motivere og følgje opp frivillige medarbeidarar
  • Noko kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom og pedagogikk
  • Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge
  • Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Søkar må være medlem av Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner i møte med barn og unge
  • Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
  • Gode leiareigenskapar
  • Engasjement for teamarbeid og å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode pedagogiske evner
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk eller anna skandinavisk språk
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og stabsfellesskap
  • Fleksibel arbeidstid • Kontor i kontorfellesskap på Aukra kyrkjelydshus
  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP

 

Søknad og kontaktinformasjon:

  • Søknad med vitnemål og attestar sendast elektronisk via www.kirkejobb.no
  • Søknadsfrist: 17.03.2025
  • Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting, jf. Trussamfunnslova § 20
  • Prøvetid: 6 mnd.
  • Kontaktpersonar: Leiar i Aukra sokne- og fellesråd Erlend Melby, e-post erlend.melby@korsvikbakken.com, tlf. 922 20 253 eller fung. kyrkjeverje Max Ingar Mørk, e-post max.mork@aukra.kommune.no, tlf. 951 85 921

Vi gjer merksam på at vi også har ledig 60 % stilling som kantor / organist / kyrkjemusikar. Dersom søkaren er kompetent og interessert, kan ulike kombinasjonar av stillingane diskuterast.

 

Kontaktinformasjon:

Erlend Melby
Leiar i Aukra kyrkjelege fellesråd
 
Max Ingar Mørk
Fung. kyrkjeverje
Arbeidsgiver Aukra sokn
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Skogvegen 1a, 6480 Aukra
Publisert 2025-02-18
Søknadsfrist 2025-03-17
Stillingstype Fast, 40% deltid
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Aukra sokn
Skogvegen 1A
6480 Aukra
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger