Ønskjer du ein sentral og spennande leiarjobb i kyrkja?
Hareid kyrkjelege fellesråd søkjer etter kyrkjeverje i 100 % stilling. Vi søkjer ein person med erfaring og engasjement til å leie og vidareutvikle arbeidet til kyrkja i Hareid sokn.
Som kyrkjeverje får du ein viktig og meiningsfull leiarjobb med breidde i ansvarsområde og store moglegheiter for å påverke og prege. Hareid er ein kommune på Sunnmøre med omlag 5300 innbyggjarar, der om 70 % av innbyggjarane er medlem i Den norske kyrkja. Vi har tru på at den rette kyrkjeverja kan inspirere og skape engasjement mellom dei tilsette, frivillige og kyrkjelyd.
Hareid kyrkjelege fellesråd har arbeidsgjevaransvar for 7 tilsette fordelt på 6,3 stillingar. Vidare har fellesrådet forvaltningsansvar for ein gravplass, ei kyrkje og eit kyrkjelydshus med nye kontorfasilitetar for staben. Hareid er ein aktiv kyrkjelyd med ulike tilbod både i kyrkja og på kyrkjelydshuset gjennom heile veka.
Som kyrkjeverje er du øvste leiar, med ansvar for personale, økonomi, administrasjon, gravplassmyndigheit og gravplassforvaltning, drift av bygg og anlegg. Kyrkjeverja rapporterer til fellesrådet. Arbeidsstad er på Hareid kyrkjekontor med adresse Bedehusgata 17 (vis-à-vis Hareid rådhus).
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Vi søkjer etter ein initiativtakar og relasjonsbyggjar som saman med tilsette og frivillige kan vere med å vidareutvikle kyrkja sitt arbeid i Hareid sokn. Du må kunne planleggje, løyse utfordringar som dukkar opp undervegs og ha innverknad slik at du kan sette retning og skape resultat. Videre må du forstå kyrkja si rolle både som trussamfunn og samfunnsaktør.
Vi ser for oss at du er:
Kvifor Hareid kyrkje?
Du får interessante og utfordrande ansvarsområde.
Du får høve til å vidareutvikle og prege eit kyrkjeleg arbeid som er i godt driv.
Du får leie og jobbe ilag med kompetente og engasjerte tilsette og folkevalte.
Du møter hyggelege og engasjerte frivillige i ein aktiv kyrkjelyd.
Du og resten av staben har kontorfellesskap i nye og moderne lokaler.
Du får vidareutvikle det gode samarbeidet med Hareid kommune.
Du får gode pensjons- og personalforsikringar i Kommunal landspensjonskasse (KLP).
Kontaktinformasjon: