Sokneprest i Øvre Telemark prosti med Nissedal sokn som tenestestad

Den norske kyrkja, Agder og Telemark bispedøme

Om kyrkjelyden 

Størstedelen av gudstenester og kyrkjelege handlingar går føre seg i Nissedal kyrkje og Treungen kyrkje. Soknepresten held 52 forordna gudstenester i året. På eit normalår vil det vera om lag 15 dåp, 15 konfirmantar og 20 gravferder. Soknepresten har kontor på kommunehuset i Treungen saman med kyrkjeverja. Til staben høyrer også kantor i 60% stilling og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i heil stilling i tillegg til tett samarbeid med prostidiakonen i Vest-Telemark. Kyrkja har ein viktig plass i bygdene her med særleg god oppslutning om kyrkjelege handlingar og eit godt samarbeid mellom skule og kyrkje. Kyrkjelyden har også eit godt samarbeid med Treungen frikyrkje. 

Den flotte prestebustaden ved Nissedal kyrkje kan leigast av prest som ynskjer dette.  

Øvre Telemark rommar 11 kommunar med 19,5 presteårsverk og prostesete i Seljord. Prestane møtest jamleg til tenestekonferansar og studiesamlingar, og det er gode samarbeidstilhøve.  

Kyrkjelyden har eit variert barne- og ungdomsarbeid, til dømes yngres, søngdagsskule og nattkafé. Eit stort satsingsområde i prostiet er konfirmant- og leiartreningsprogrammet «Ønsket og elsket» med felles konfirmantleir om sommaren og helgesamlingar for ungdomsleiarar gjennom året. Her vil soknepresten samarbeide tett med prestar og ungdomsarbeidarar frå heile prostiet og «Ønsket og elsket» sin eigen stab. Kyrkjelyden har også lokal oppstartshelg for konfirmantane.  

Soknepresten i Nissedal gjer for tida teneste i Kviteseid i inntil 25% av stillinga.

 

Satsingsområde

  • Gudstenestene 
  • Diakoni
  • Barne- og ungdomsarbeid 
  • Samarbeidet mellom kyrkja og skulen 

 

For øvrig

Den som blir tilsett må rette seg etter:
- endringar i tenesteordning for sokneprestar/kapellanar og reglar om lønsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn
- alle avgjerder som måtte bli tekne med omsyn til tenesta og tenestestaden

Det blir nytta nynorsk. Søkar må stadfeste at han/ho meistrar begge målformer.

Den norske kyrkja skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Ved tilsetjing blir det teke atterhald om at den som blir tilsett kan leggje fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Anmodning om å få sitt namn unntatt frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

 

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar 
  • Husbesøk, institusjonsbesøk og anna diakoni i samarbeid med prostidiakonen 
  • Samarbeidet mellom kyrkja og skulen 
  • Delta i trusopplæringsarbeidet og anna kyrkjelydsbyggjande arbeid 
  • Delta i «Ønsket og Elsket».  

Kvalifikasjonar

  • cand. theol/profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
  • praktisk teologisk utdanning

Personlege eigenskaper

  • God evne til å koma i kontakt med og samarbeida med andre, men som også har evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Ein allsidig person som kan utføre alle slag tenester og arbeidsoppgåver når det trengst, men som samstundes har evne til å prioritera det viktigaste 

Vi tilbyr

  • Løn som sokneprest i stillingskode 1555
  • Etter- og vidareutdanning
  • Godtgjersle etter gjeldande satsar
  • Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP. Les mer om offentlig tjenestepensjon på www.klp.no 
  • Arbeidsvegleiing (ABV) 

 

Nissedal sokn tilsvarar Nissedal kommune og ligg sør i Vest-Telemark. Treungen er administrasjonsstaden med fleirbrukshus, bibliotek og kino. Her ligg også kyrkjekontoret.  Soknet har tre kyrkjebygg: Treungen kyrkje (1863),  Nissedal kyrkje (1764) og Felle kapell (1971). Det er barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen og på Felle og desentralisert skulestruktur. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell.

Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Les meir om kommunen på www.nissedal.kommune.no .

 

Kontaktinformasjon:

Lars Peder Holm
Personalsjef
 E-post:LH379@kirken.no
 
Asgeir Sele
Prost
 E-post:asgeir.sele@seljordkyrkje.no
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Treungvegen, 3855 Treungen
Publisert 2025-02-17
Søknadsfrist 2025-03-09
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger