Trusopplærar

2. gangs utlysning: Trusopplærar

Kviteseid sokn har ledig inntil 50 % oppseieleg stilling som trusopplærar.
Vi søker ein person som kan vere med å drive og vidareutvikle det varierte trusopplæringsprogrammet vårt.

 

Arbeidsoppgåver

  • Leie, koordinere og administrere kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid i nært samarbeid med sokneprest, staben elles, trusopplæringsutvalet og frivillige.
  • Bidra og inspirere til eit variert og godt trusopplæringsarbeid i kyrkjelyden.
  • Rekruttere og inspirere til frivillig engasjement.
  • Delta i soknet si konfirmantopplæring, inkludert konfirmantleir.
  • Delta i gjennomføringa av ulike andre tiltak frå trusopplæringsplanen etter ynskje og evne.
  • Vere sakshandsamar og sekretær for trusopplæringsutvalet, rapportere til soknerådet og bispedømerådet.
  • Sekretæroppgåver som mellom anna annonsering på forskjellige måtar for alt arbeid i soknet / kyrkjelyden.
  • Oppgåver, oppstarttidspunkt og stillingsstørrelse opp til 50 % kan tilpassast om du er rett person for oss. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og / eller gjerne erfaring frå tilsvarande arbeid i kyrkje eller kristen organisasjon.
  • Kunnskap til norsk kyrkje- og kristenliv.
  • Må kunne arbeide med enkle dataprogram / digitale plattformer.
  • Søkjar må beherske norsk språk skriftleg og munnleg.

Personleige eigenskapar

  • Likar samvær med born og unge.
  • Ynskjer å legge til rette for og vere med på formidling av Bibelen sin gode bodskap til ei levande tru.
  • Kan arbeida strukturert og målretta, er sjølvstendig, initiativrik og kontaktskapande.
  • Har gode evne til samarbeid og relasjonsbygging.

  • Er du personleg eigna/skikka, vil det vere meir avgjerande enn formell utdanning og kompetanse.
  • Du bør ha førarkort, og gjerne kunne disponere eigen bil.
  • Den som blir tilsett, må legge fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) i samsvar med Kyrkjelova § 29

Vi tilbyr

  • Allsidig og aktivt kristenliv i kyrkjelyden og bygda.
  • Godt og inspirerande arbeidsmiljø med gode kollegaer (sokneprest, organist, kyrkjeverje og kyrkjetenarar).
  • Engasjerte frivillige medarbeidarar.
  • Gode og tenlege lokaler for arbeidet.
  • Samarbeid med andre i prostiet om konfirmantarbeid og leiartrening via "Ønsket og elsket" (Sjå onsketogelsket.no).
  • Godt tverrkyrkjeleg samarbeid.
  • Løn, pensjon og andre arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar i
    Hovedorganisasjonen KA.
  • Ein fin kommune og bygd å bu og arbeide i.
  • Sjå gjerne heimesida vår kyrkja.no/kviteseid.

 

Kontaktinformasjon:

Kristen Salmelid
Kyrkjeverje
Arbeidsgiver Kviteseid Sokn
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Publisert 2024-11-29
Søknadsfrist 2024-12-31
Stillingstype Fast, inntil 50%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Kviteseid Sokn

3850 Kviteseid
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger