Kyrkjelydspedagog

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Vi har ledig ei spennande stilling som kyrkjelydspedagog i Sunnfjord, knytt til kyrkjelydane i Naustdal, Jølster og Gaular. Her er det høg oppslutnad om dåp og konfirmasjon, med årskull på mellom 20 og 40 born. Kyrkjelydspedagogen får rike mogelegheiter til å drive trusopplæringsarbeid i gode kyrkjelydshus og kyrkjer.

Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på rundt 22.000 med Førde som eit naturleg kommunesenter og med langstrakte og levande bygder rundt – fleire av dei med vekst i folketalet.

I Sunnfjord kyrkjelege fellesråd er det 6 sokn, 10 kyrkjer, 35 fellesrådstilsette og 7 prestar. Kyrkjelydspedagogen blir del av eit stort og kompetent arbeidsmiljø med prestar, pedagogar, diakonar, andre tilsette og frivillige. 

Stillinga er nyoppretta, men skriv seg frå delstillingar i dei aktuelle kyrkjelydane.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av eksisterande og nye tiltak i trusopplæringsarbeidet 
  • Delta i nokre av dei kontinuerlege tilboda for born i sokna, og sjå på moglegheita for å starte opp nye tilbod
  • Hovudvekta av arbeidet er retta mot mellomtrinnet, men det kan og vere aktuelt med noko klubbarbeid for mindre born, og deltaking i konfirmantarbeidet

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom og pedagogikk 
  • Realkompetanse kan erstatte formell utdanning
  • Erfaring frå, og interesse for, arbeid med born og unge
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja 

Personlege eigenskapar

  • God formidlings – og samhandlingsevne i møte med born 
  • Evne til å skape engasjement, bygge tillit og etablere gode relasjonar
  • Evne til samarbeid og teamtenking
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med avtaleverk for Den norske kyrkja 
  • Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskott.
  • Eit godt fagleg miljø med pedagogar og andre kyrkjefaglege stillingar 
  • Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag

Anna

  • Kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga
  • Du må ha sertifikat og helst disponere eigen bil
  • Politiattest må leggjast fram før tilsetting

Kontaktpersonar

  • Kyrkjeverje i Sunnfjord Sissel Vartdal, tlf. 489 91 257
  • Sokneprest i Jølster Silje Sørebø, tlf. 473 99 492
  • Kyrkjelydspedagog i Naustdal Jenny Ø. Snildal, tlf. 992 79 955
  • Diakon i Gaular Ragnhild Stav, tlf. 909 67 627

 

Arbeidsgiver Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kyrkjevegen 23F, 6809 Førde
Publisert 2023-05-10
Søknadsfrist 2023-06-01
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

6800 Førde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger