Kyrkjeverje, 80% stilling

Kyrkjeverje – 80% stilling i Vang i Valdres etter avtale

Vang kyrkjelege fellesråd har si verksemd i 4 sokn: Øye, Vang, Heensåsen og Høre. I desse fire sokna er det seks kyrkjer som fellesrådet administerer. To av desse er stavkyrkjer og ei er innvia økumenisk fjellkyrkje. Det er gravplasser ved fire av kyrkjene. Frå 2022 har me ansvar for det nye kyrkjetunet Øyebakkin i Øye sokn.

Fellesrådet har ein god relasjon og tett samarbeid med Vang kommune, både med administrasjon og politikarar. Samarbeidet er nedfelt i ei tjenesteytings avtale. 

Vang kommune med sine 1600 innbyggjarar, ligg midt mellom Bergen og Oslo. Det er ei innovativ kommune med eit variert næringsliv, der jordbruk og turisme er viktig. Me har eit bredt kulturliv og fantastisk natur med rikeleg høve til friluftsliv alle årstider.

Kyrkjeverja har personalansvar for 13 tilsette i små og store stillingar. Kyrkjeverja samararbeider med soknepresten, prosten i Valdres og dei andre kyrkjeverjene i Valdres.

Kyrkjekontoret leiger eige hus, Klokkarhaugen, i kommunesenteret. Her deler kyrkjeverja kontor med organisten. Elles ligg kommunehus, prestekontor, Vang kyrkje, bank, omsorgsenter, asylmottak, bibliotek, legekontor, barnehage og butikk like i nærleiken.

Den norske kyrkja har i lengre tid vore i omstilling og også vidare vil endring i organisasjon være ein del av utviklinga. Me søker difor ein person som er positiv til endring, har gjennomføringsevne og som vil være med på å leie kyrkja i Vang slik at me held fram med å være ein relevant og viktig del av livet til gamle og unge innbyggjarar.

Arbeidsoppgaver

  • Dagleg leier for verksemda.
  • Være ein synleg representant for FR og bidra aktivt til kontakt og dialog med både politiske og adm off myndigheter
  • Finne og søke på eksterne økonomiske midler som er relevante for drift og utvikling av kyrkja sitt arbeid.
  • Personalansvar.
  • Økonomisk, administrativt og HMS leiaransvar
  • Overordna ansvar for drift og vedlikehold av kyrkjene og gravplassene
  • Saksbehandlings- og sekretæroppgaver for fellesråd og administrasjonsutvalg
  • Kontakt med og rapportering til offentlege styresmakter
  • Sikre at verksemda vert drifta i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Vere eit aktivt bindeledd mellom tilsette og frivillige

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Leiar utdanning og/eller erfaring
  • HR- og økonomierfaring
  • IKT kompetanse
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og kyrkjeleg organisering
  • Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsegenskaper
  • Evne til å arbeide strategisk og utviklingsorientert
  • Medlemskap i DNK

 

Personlege egenskaper

  • Fleksibel, tydeleg og løysingsorientert
  • Evne til omstilling
  • Utvikle og halde vedlike gode relasjonar til medarbeidarar
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting

 

Me tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Offentlig tjenestepensjon i KLP
  • Dyktige medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
  • Ei interessant og utfordrande stilling i et engasjert miljø

 

Ynskjer du meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med noverande Kyrkjeverge Guro Hovda på telefon 412 65 178. Kontortid måndag til torsdag 09 - 15.

Søknad sendast per post eller mail til :

Rita H Dalemark for Fellesrådet Vang

Tyinvegen 5317, 2975 Vang i Valdres

Mail: rita.helen.dalemark@vang.kommune.no 

 

Søknadsfrist : 10.11.2022

Arbeidsgiver Vang kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vang i Valdres
Publisert 2022-11-30
Søknadsfrist 2023-01-06
Stillingstype Fast, 80%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Vang kyrkjelege fellesråd

2975 Vang i Valdres
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger