Sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med Dalsfjord og Kilsfjord sokn som særskilt tenestestad

Møre bispedømme

Det er ledig stilling som sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med særskilt teneste i sokna Dalsfjord og Kilsfjord.

Vi søkjer etter ein prest som har lyst og evne  til å vera med på å vidareutvikle trusopplæringsarbeidet i sokna våre, og som samstundes trivs med bredda i prestearbeidet. Denne stillinga passar godt for ein som er nyutdanna og som trivs med å arbeide saman med eit kreativt, opent, internasjonalt og aktivt team. Det er 6 sokn og 6 kyrkjer i Volda kommune/ Fellesrådsområde: Volda, Dalsfjord, Kilsfjord, Austefjord, Hornindal og Storfjorden. Volda kommune jobbar med heilskapeleg tenkning kring både gudstenesteplanlegging og trusopplæringsarbeid, og vi ser etter ein prest som kan bidra til å utvikle kyrkjelydane vidare både generelt og i trusopplæringsarbeidet spesielt. Dei tre prestane som gjer teneste i fellesrådsområdet, deler tenesteveker og andre oppgåver seg imellom, t.d. gudstenester, andakter på institusjonar, kontakt med skule og barnehagar, konfirmantarbeid og trusopplæringstiltak, arbeid i krise- og omsorgsgruppa i kommunen, samtalar og leirarbeid. 

Det er soknepreststillinga i Kilsfjord og Dalsfjord som er ledig no.  Soknepresten har sete i begge sokneråda.
Dalsfjord kyrkje er ei korskyrkje, bygd i 1910. Her er ein aktiv og levande kyrkjelyd med eit rikt song og musikkliv. Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med søndagsskulen og den lokale speidargruppa. Kvar sommar arrangerer kyrkjelyden «Dalsfjordleir» for barn og unge i området.  Kyrkja i Kilsfjord er ei arbeidskyrkje frå 1974. Her er det god plass til å drive kyrkjelydsarbeid for store og små. Kyrkjelyden ynskjer å vere ein plass der alle er velkomne!

Den kyrkjelege administrasjonen i kommunen er samlokalisert på kyrkjekontoret i Volda sentrum. Staben utgjer elles kantor, organistar, kateket,  trusopplærar, diakonal medarbeidar, kyrkjeverje, kyrkjetenarar og sekretærar.  Vi har óg europeiske voluntørar knytt til kyrkjestaben.

Prostiet er tenestedistrikt, og prestane i prostiet møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Prostiet er også tenestedistrikt for beredskapsordninga

Du finn meir om oss ved å sjå på heimesida https://www.volda.kyrkja.no   

Om du synes dette ser spennande ut, er du velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referanser til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden.
  • Soknepresten held gudstenester og forrettar kyrkjelege handlingar, utøver sjelesorg og vegleiing, samt anna forkynnararbeid. 
  • Soknepresten deltar og i trus- og konfirmantopplæringa.
  • Administrative oppgåver knytta til soknepreststillinga.
  • Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordninga.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg.
  • Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til vigsling" (VTV). Ordinasjon føreset normalt fullført VTV.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjer må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk og arbeide i team.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
  • Stillinga passar godt for nyutdanna prestar.
Vi tilbyr
  • Stillinga vert løna etter hovudtariffavtalen for Den norske kyrkje, lønnsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement m.v og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn §20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Volda er ei av 7 kommunar i Søre Sunnmøre prosti;  Vanylven, Sande, Hareid, Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda. Det er 20 sokn og om lag 44 500 medlemmer i DnK i prostiet.  Volda har om lag 10 400 innbyggjarar, og nær 80% er medlemmer av DnK.

Volda kommune ligg lengst sør i Møre og Romsdal fylke.  Naturen er vakker og  skiftande med fjordar, dalar og fjell, noko som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.

Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner. Høgskulen med 4000 studentar set sitt sterke preg på bygda.

Høgskulen og sjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Begge har eigen presteteneste.  Det er mange offentlege alders- og helseinstitusjonar der mange har arbeid. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. 

Barnehagane i kommunen har opptak to gangar for året, og det er god dekking.

 

Kontaktinformasjon:

Ingeborg Matre
Prost
 948 06 965
 prosten@volda.kyrkja.no
 
Anne-Marit Hagelund
Avdelingsleiar personal
 922 35 009
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Rådhusgata 6A, 6100 Volda
Publisert 2022-11-22
Søknadsfrist 2022-12-19
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

"Prest i Norges vakraste og mest mangfaldige bispedøme"

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger