Kantor/organist/kyrkjemusikar

Vindafjord kyrkjelege fellesråd

Vindafjord kyrkjelege fellesråd , søker etter ny kantor/organist/kyrkjemusikar i tilsaman 170 % stilling til kyrkjene i Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Bjoa, Vikebygd, Skjold og Vats.
Vindafjord kommune ligg på Haugalandet, med kommunesenteret i Ølen (50 km frå Haugesund) I kommunen er det sju sokn og åtte kyrkjebygg, Det er 8752 innbyggjarar i kommunen, medlemstalet i Den norske kyrkja er 6869, altså ca. 78%

Det er ledige stillingar som
KANTOR/ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR
I inntil 170%
I tillegg er det ledig stilling (30%) som lærar i musikkskulen/kulturskulen i Vindafjord kommune.

Orgelparken er samansett slik:
Skjold kyrkje: Carsten Lund 2011, 21 stemmer, Åkerman & Lund 1990, 4 stemmer (kororgel) - Vats kyrkje: Heggen & Ivers 1920, 6 stemmer -Sandeid kyrkje: Robert Gustavsson 1981, 7 stemmer Vikedal kyrkje: E. Gangfløt 1981, 11 stemmer - Imsland kyrkje: Robert Gustavsson 1986, 8 stemmer - Ølen kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 16 stemmer -Bjoa kyrkje: Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk 1969, 9 stemmer - Vikebygd kyrkje: Gebr. van Vulpen 1989, 13 stemmer. Det er piano i alle kyrkjer – i Skjold eit Blüthner flygel.

 

Arbeidsoppgaver
  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester kyrkjelege handlingar og andre arrangement i i samarbeid med prestar, stab og frivillige
  • Leia, delta i og vidareutvikla musikktilbod og korverksemd i kyrkjelydane våre
  • Deltaking i trusopplæringsarbeidet for barn og unge
  • Deltaking på stabsmøte og vera en del av teamarbeidet i staben
Kvalifikasjoner
  • 4 års kyrkjemusikkutdanning med 240 studiepoeng eller 3 års grunnutdanning i kyrkjemusikk samt tillegg i musikk, kristendomskunnskap, kirkefag, pedagogikk eller diakoni tilsvarende 60 studiepoeng.
  • Erfaring som kordirigent
  • Anna relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.
  • Den som blir tilsett må disponere bil

Den som vert tilsett må framleggja politiattest uten merknader (Barneomsorgsattest)
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja.

Personlige egenskaper

Vi ynskjer en person som

  • Er open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
  • Har god forståing for livet i i Den norske kyrkja
  • Har gode samarbeidsevner og relasjonar med tilsette og frivillige medarbeidarar og ha evne til å dra andre inni den musikalske verksemda i kyrkjelyden
  • Har god evne og vilje til å kommunisera med både barn og vaksne

Dei som vert tilsett vil ha godt høve til å vere med på å utvikla stillingane i samarbeid med sokneråda og stab.
Det kan bli avhalde prøvespel i samband med tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr
  • Allsidig gudstjeneste- og kyrkjeydsliv i et engasjert miljø
  • Løn etter kvalifikasjoner og tariffavtalar
  • Pensjonsordning

Adresse arbeidssted:
Fellesrådet si adresse er:
Kleivavegen 4, 5574 Skjold

 

Kontaktinformasjon:

Inghart Lasse Tveit
kyrkjeverje i Vindafjord
 977 64 146
Arbeidsgiver Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kleivavegen 2-4, 5574 Skjold
Publisert 2022-11-15
Søknadsfrist 2022-12-10
Stillingstype 2 x 100%
Antall stillinger 2
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Vindafjord Kyrkjelege Fellesråd

5574 Skjold
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger