Vi har ledig stilling som sokneprest i Sogn prosti, med Aurland sokn som tenestestad.
Aurland ligg inst i Sognefjorden, gunstig plassert ved stamvegen mellom Oslo og Bergen. Kommunen har 1695 innbyggjarar. Køyreavstand til Voss og Sogndal er omlag 60 minutt, omlag 150 minutt til Bergen. Aurland, Lærdal og Årdal utgjer eit naturleg og nært samarbeidsområde.
For den friluftsinteresserte er Aurland eit eldorado, med fjell og fjord i rikt monn. Turismen er avgjerande viktig for kommunen, med Flåmsbana og Aurlandsdalen.
Aurland er verkeleg ei folkekyrkjebygd. Her vil du møta ei kyrkje midt i bygda sin kvardag, med mykje glede over ei trygg presteteneste. Med gode samarbeidsevner og engasjement for kyrkjelydsbyggjande arbeid, der trusopplæring og gudstenestearbeid står sentralt er vektlagd. Det er naturleg med engasjement for ei open og inkluderande kyrkje, for kyrkja i Aurland gjev gode høve til å koma i kontakt med det breie lag av folket.
Kyrkja i Aurland har fire sokn, Vangen, Flåm, Undredal og Nærøy. Desse sokna har vidare fire kyrkjebygg knytt til seg. Vangen kyrkje er ei steinkyrkje frå 1202. I Undredal ligg den minste soknekyrkja i Norden, bygd som stavkyrkje og datert til 1147. Kyrkja i Flåm er frå 1670, medan Bakka kyrkje er frå 1859.
Dei fire sokna i Aurland samarbeider om eitt sokneråd/fellesråd. Røynslene med denne ordninga er gode. I kyrkja i Aurland er det tilsett kyrkjeverje, organist, sekretær/kyrkjetenar og trusopplæringsmedarbeidar. Saman med soknepresten har dei kontorfellesskap i trivelege og sentralt plasserte lokale i bankhuset, like ved Vangen kyrkje. Like ved kyrkja på Vangen har vi kjøpt eit hus som vert nytta som kyrkjelydshus.
Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.
Skriftspråket er nynorsk.
Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Kontaktinformasjon: