Sokneprest i Dalane prosti med Bjerkreim sokn som tenestestad

Stavanger bispedømmeråd

Er du ein prest som er glad i folkekyrkja og som set pris på eit allsidig organisasjonsliv? Då er du kanskje den neste soknepresten i Dalane prosti med særleg ansvar for Bjerkreim sokn.

Kyrkja står sterkt i Bjerkreim og det er god oppslutting om både gudstenester og dei kyrkjelege handlingane, ikkje minst om konfirmasjonen. Vi har eit godt samarbeid både med bedehus og misjonshus, med andre lag og organisasjonar, skular og barnehagar i kommunen.

Bjerkreim er ei tradisjonell jordbruksbygd med mange handtverksbedrifter. Kommunen har 2800 innbyggjarar og 2300 er medlemmer i Den norske kyrkja. Her er vakkert med både fjell og dalar, Bjerkreimselva som er ei av landets beste på laks, mykje fint kulturlandskap, og det er godt tilrettelagt for aktivitet både i utmark og på eit flott stadionområde. E39 går gjennom kommunen og det er lett å kome hit.

Det er to kyrkjer i Bjerkreim sokn. Bjerkreim kyrkje er hovudkyrkje og der er det gudsteneste om lag annankvar søndag, ein gong i månaden i Ivesdal kyrkje og innimellom på Vikeså misjonshus. Det er ein prest i Bjerkreim sokn. På kyrkjekontoret har vi organist, diakonimedarbeidar/trusopplærar, sekretær og kyrkjeverje. I tillegg har vi kyrkjetenarar og klokkarar tilslutta kyrkjene. Dei tilsette samarbeider godt og har det kjekt ilag.

Soknepresten kan i stor grad forme eigen kvardag. Han/ho har hovudansvar for gudstenestene, gravferder, andakter og konfirmantarbeidet i soknet, og blir stundom spurt om å ha ein og annan andakt utanom det.  Soknepresten sit i soknerådet/fellesrådet, gudstenesteutvalet, misjonsutvalet og konfirmantutvalet. I tillegg er presten ein sjølvsagt del av kommunen sitt kriseteam. Presten i Bjerkreim er ein naturleg del av bygda og det som skjer i både glede og sorg. Kyrkjelyden ønskjer seg ein  samarbeidsvilleg, fleksibel prest som er glad i folk i alle aldrar og klar og livsnær i sin teneste og forkynning.

 

Arbeidsoppgaver
  • Presteteneste med tenesteordning for kyrkjelydsprestar i Den norske kyrkja.
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan.
  • Trusopplæring, konfirmantar og skule-kyrkjesamarbeid.
  • Bakvakt og beredskap etter gjeldande ordning for Stavanger bispedøme.
  • Institusjonsandakter/gudstenester.
  • Medlem i sokneråd/fellesråd.
  • Medlem i kommunen sitt psyko-sosiale kriseteam.
Kvalifikasjoner
Cand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande.
Personlige egenskaper
  • Evne og vilje til samarbeid med stab, frivillige, sokneråd og kyrkjelyden si kontaktflate i bygdene.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide både målretta, sjølvstendig og i godt samspel med stab og sokneråd.
  • Evne til å kunne kommunisere med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar.
  • God evne til samarbeid.
Vi tilbyr
  • Stillingen vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
  • Vanlige regulativmessige godgjeringar.
  • Skyss- og telefongodtgjersler etter gjeldande satsar.
  • Pensjonsinnskot og medlemskap i Statens pensjonskasse etter ordninga for prestar tilsett i rettssubjektet Den norske kyrkja.
  • Det blir gitt tilbod om arbeidsrettleiing (ABV).

 

Andre opplysninger

  • Tilsettingen skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan influera på gjeremålet til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt.
  • Målforma er nynorsk.
  • Kvinner og yngre prestar blir oppfordra til å søka.
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
  • Opplysningar om samlivsform kan bli innhenta og vektlagt ved tilsetting (jfr. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova).
  • Det vil bli utarbeidd offentleg søkarliste. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. offentleglova § 25, 2. ledd).
  • Den som blir tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilte i utlysningsteksten. Søkjarane blir bedne utforma ein egenpresentasjon i søknaden sin som svarer på dei utfordringane som kjem fram i utlysningsteksten.
  • Alle søkjarar må søka elektronisk.  

 

Kontaktinformasjon:

Gunnar Rønnestad
assisterende stiftsdirektør
 51 84 62 70
 
Ingun Stokstad Barane
Prost i Dalane
 51 46 33 30
Arbeidsgiver Stavanger bispedømmeråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Nesjane 5, 4389 Vikeså
Publisert 2022-06-23
Søknadsfrist 2022-08-14
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Stavanger bispedømmeråd

Stavanger
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger