Sokneprest i Otredal prosti med Valle og Hylestad sokn og Bykle sokn som tenestestad

Den norske kyrkja, Agder og Telemark bispedømme

Kyrkjelydane sin profil
I begge sokna er det tilsett kyrkjeverje/kyrkjesjef  i 100% stilling, der 40% av stillingane er som kyrkjelydsarbeidar. Kyrkjelydane har felles kantor/organist i 100% stilling. Denne stillinga er for tida ubesett. Kyrkjelydane har og diakon i 50 % i samarbeid med Bygland. Det er kyrkjetenarar i små stillingar ved kvar kyrkje, knytt til gudstenester og kyrkjelege handlingar. Sokneprest, kyrkjesjef i Valle og organist har kontor med høg standard i det nye sentrumsbygget i Valle som også inneheld kyrkjestove og bibliotek.

Gudstenestene  blir fordelt likt mellom dei 4 kyrkjene. Bykle gamle kyrkje blir brukt berre sumars tid. I påskehøgtida blir det sett inn meir ressursar, så gudstenestetilbodet  blir auka. Det vert òg halde friluftsgudstenester i sokna.

Sokna har diakoniutval og trusopplæringsutval. Og kyrkjelydane ynskjer å satse meir på småbornsfamiliar, barn og unge.

I kommunane er det fleire bedehus med ein del aktivitet. Samarbeidet mellom kyrkja og dei friviljuge organisasjonane er positivt og godt. Det er òg eit godt tilhøve til kommunen og andre lag og foreiningar i lokalmiljøa. Det er eit rikt kulturliv blant anna med ein særprega Setesdalskultur i  båe kommunane.

Gudstjenestelivet
-Det er lagt opp til to gudstenester annan kvar sundag etter fast plan.  Bykle gamle kyrkje har berre gudstenester om sumrane.

Elles
Den som vert tilsett må rette seg etter:
- Endringar i tenesteordning for sokneprestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn
- All avgjersle som måtte bli teken vedrørande tenesta og tenestestad

Målforma i soknet er nynorsk, og den som søkjer må kunne stadfeste at han/ho kan nytta båe målformer.

Kvinner vert oppfordra til å søka.

Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. offentleglova 25, 2. ledd).  

 

Arbeidsoppgåver
  • presteteneste knyta til Valle og Bykle, med sete i dei to sokneråda
  • gudstenester i Valle og Bykle etter oppsett plan annan kvar sundag
  • ein må òg pårekna nokre tenester i prostiet elles
  • ansvar for konfirmantarbeidet i Valle og Bykle
  • faste andakter på alders- og sjukeheimane i samarbeid med diakon
  • trusopplæring og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med sokneråda
  • prestane i prostiet går inn i beredskapsordning
Kvalifikasjonar
  • cand. theol/profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
  • praktisk teologisk utdanning
Personlege eigenskapar
  • lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap
  • vilje til å arbeide med struktur og planlegging
  • evne til samarbeid med stab, friviljuge og sokneråd om planar og visjonar
  • evne til å formidle og forkynne evangeliet på eit levande vis til alle aldersgrupper
  • evne til kreativitet og nytenking kring fellesskap og gudstenesteliv
  • fleksibilitet, allsidigheit, openheit og evne til inkludering
  • evne til å byggje gode relasjonar, inspirere og motivere
  • evne til å knyta band mellom Setesdalskulturen og kyrkja
Vi tilbyr
  • lønn som sokneprest i stillingskode 1555
  • etter- og vidareutdanning
  • godtgjersle etter gjeldande satsar
  • pensjonsinnskot
  • arbeidsrettleiing
  • bispedømekontoret kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad

 

Dei to sokna øvst i Setesdal omfattar kommunane Valle og Bykle. Frå Kristiansand er det 21 mil til Hovden og 16 mil til Valle. Folketalet i Valle er i underkant av 1200, i Bykle 950. Om lag 78 % er medlem i Den norske kyrkja. Hovden, øvst i Bykle, er ein turiststad, der det er opp mot 25000 menneske i jol- og påsketida. Brokke i Valle, har òg ei stor auke i folketalet i høgtidene. Kommunane har til saman omlag 3800 hytter. Valle og Bykle er eit fantastisk område for dei som er glade i friluftsliv. Valle kommune har 2 kyrkjer, Valle (frå 1844) og Hylestad (frå 1839). Bykle kommune har 3 kyrkjer, Bykle gamle som feirar 400-års jubileum neste år (frå 1620), Bykle (frå 2004) og Fjellgardane på Hovden (frå 1957). Kyrkjene og kyrkjegardane er godt haldne ved like. Det er barne- og ungdomsskular  i Bykle og i Valle. Hovden og Hylestad har barneskule. Alle stader er det òg barnehagar. Det er ein god stad å vekse opp. Båe kommunar har aktive idrettslag og gode idrottshallar, om vinteren mange oppkøyrde skiløyper og skianlegg. Om somrane gode turløyper i skog og fjell. Kulturskulane gjev god undervisning og bibliotekane er fine.  Setesdal vidaregåande skule har avdelingar både i Valle og på Hovden.  Det er alders- og sjukeheimar i båe kommunane. Viktige næringsvegar er reiseliv og vasskraft. Nynorsk er hovudmål i kommune, skule og kyrkje.  Meir info på kommunenes heimesider.

 

Kontaktinformasjon:

Gunnar Ellingsen
Prost
 45802349
 gunnar.ellingsen@kirkebakken.no
 
Bjarne Nordhagen
Personalsjef
 90996790
 bn576@kirken.no
Arbeidsgiver Agder og Telemark bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Nordibøvegen 139, 4747 Valle
Publisert 2022-06-20
Søknadsfrist 2022-07-31
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Agder og Telemark bispedømme

Kristiansand
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger