Sokneprest i Ryfylke prosti med Jørpeland sokn som tenestestad

Er du ein prest som er glad i folkekyrkja og som kan tenkje deg å jobbe saman med ein engasjert stab og frivillige? Då er du kanskje den neste soknepresten i Ryfylke prosti med eit særleg ansvar for Jørpeland sokn.

Jørpeland kyrkjelyd har visjonen: OPEN KYRKJE - LEVANDE TRU

Strand kyrkjelege fellesråd er delt inn i to sokn: Jørpeland og Strand. Om lag 7000 bur i Jørpeland sokn. Jørpeland sokn har ei kyrkje som ligg i sentrum av Jørpeland. Kyrkja er ei arbeidskyrkje frå 1969. Det er gudsteneste kvar søndag. Jørpeland sokn ynskjer å legge til rette for eit aktivt og variert kyrkjeleg arbeid som når breitt ut. Kyrkjelyden arbeider systematisk med å utvikle eit nettverk av smågrupper og frivillige, og har i dag 17 husgrupper og kring 10 -15 frivillige engasjert i kvar gudsteneste. Barne- og ungdomsarbeidet går føre seg i kyrkja. Det er eit nært samarbeid mellom stabane i Strand og Jørpeland sokn, m.a. om ungdomskor og Alfa-kurs. Staben består i dag av sokneprest, dagleg leiar, kateket, organist, barnearbeidar og kyrkjetenar. Dei tilsette har kontor i kyrkja.

Ryfylke prosti dekker kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand. Strand kommune ligg heilt sør i prostiet og er med sine om lag 13000 innbyggjarar den største kommunen i prostiet. Jørpeland er kommunesenter i Strand, og fekk bystatus i 1998. Strand og heile Ryfylke-regionen er knytt til Stavanger gjennom den undersjøiske biltunnelen Ryfast. Køyretid til Stavanger er ca 20 min. Kommunen har eit rikt skule- og organisasjonsliv, og mange sterke bedrifter som er prega av nytenking og utvikling. Strand er og kjent for sin flotte natur, med den markante Preikestolen som det mest kjente turistmålet. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Presteteneste i samsvar med tenesteordning for kyrkjelydsprestar og Den norske kyrkja sine ordningar og strategiar.
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan i prostiet.
  • Trusopplæring, konfirmantar og skule-kyrkjesamarbeid.
  • Institusjonsandakter.
  • Medlem i Jørpeland sokneråd.
Kvalifikasjoner
  •  Cand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande. 
 

Personlege eigenskapar

Du er ein prest som har:

  • Evne og vilje til samarbeid i høve til stab, frivillige, sokneråd og kyrkjelyden si kontaktflate i byen.
  • Evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig i godt samspel med stab og sokneråd.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid og teamarbeid med stab og frivillige.
  • Evne til å kunne kommuniserer med born, unge, vaksne og eldre i ulike livssituasjonar. 
 

 

Vi tilbyr

  • Stillinga vert løna som sokneprest etter gjeldande reglar.
  • Vanlege regulativmessige godtgjeringar.
  • Skyss- og telefongodtgjering etter gjeldande satsar.
  • Pensjonsinnskot og medlemsskap i Statens Pensjonskasse etter ordninga for prester som er tilsette i rettssubjektet Den norske kyrkja.
  • Det vert gjeve tilbod om arbeidsvegleiing (ABV). 

 

Andre opplysningar

  • Tilsettinga vert gjort på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som vert tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjerder som kan influere på tenesta sine gjeremål, tenestestad og tenestedistrikt.
  • Målforma er nynorsk.
  • Kvinner og yngre prestar vert oppfordra til å søkje.
  • Den som vert tilsett deltek i bispedømmet si beredskapsordning. 
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
  • Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting (jf. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova).
  • Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista, jf. Offentleglova § 25 andre ledd.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest (barneomsorgsattest) utan meknadar.
  • Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane blir bedne om å utforme ein eigenpresentasjon i sin søknad som svarar på dei utfordringar som kjem fram i utlysingsteksten.
  • Alle søkjarar må søkje elektronisk.

 

Kontaktinformasjon:

Gunnar Rønnestad
assisterende stiftsdirektør
 51 84 62 78
 
Sigrid Sigmundstad
Prost i Ryfylke
 908 71 457
Arbeidsgiver Stavanger bispedømmeråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Åvegen 29, 4100 Jørpeland
Publisert 2022-01-06
Søknadsfrist 2022-01-27
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Stavanger bispedømmeråd

Stavanger
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger