Brattvåg er ein ung bygdeby på Sunnmøre med ca. 2500 innbyggjarar i Ålesund kommune. Her er vidaregåande skule, nytt kulturhus og mange aktivitetar for folk i alle aldrar. Soknekyrkja er ei arbeidskyrkje frå 1977 og ligg i Brattvåg sentrum. I soknet ligg også Hildre kyrkje (1934) 7 km frå Brattvåg. Til Vatne kyrkje er det 16 km og til Hamnsund kyrkje 18 km. Det er godt samarbeidsklima internt i soknet og med 5 av dei andre sokneråda i kommunen. Det er mange nasjonalitetar representert i Brattvåg, noko som gir eit stort potensiale for intergreringsarbeid.
Det er 4 sokneprestar i staben, 2 på fastlandet 2 på øyane. Prestane samarbeider om tenesteveker av sokna og om andakter på institusjonane. I høgtidene samarbeider sokna om felles gudstenester. Kateketen har ansvar for konfirmantane i Brattvåg saman med soknepresten. Kateketen er tilretteleggar for konfirmantopplegget i sokna. Det er god oppslutning om både dåp og konfirmasjon. Kyrkjelydane driv eit stort og aktivt trusopplæringsarbeid med god oppslutning. Prestane tek del i dette arbeidet. Til Sprell Levande gudstenestene kjem mange barnefamiliar. Her er godt samarbeid med bedehusa og dei kristne organisasjonane, mellom anna i arbeidet blant barn og unge.
Sokneprest i Brattvåg har kontor saman med staben i Brattvåg ved Brattvåg kyrkje. Her er ein positiv stab som arbeider tett saman med prestane. Det er tilsett kateket, trusopplærar, diakoniarbeidar, to organistar i til saman 1½ stilling ogkyrkjetenarar i deltidsstillingar i alle kyrkjene. Staben har faste samlingar med fokus på arbeidet. Det er stor grad av autonomi og samarbeid på tvers av fagfelta i staben. Staben samarbeider i alle sokna med å engasjerte frivillige.
Vi treng ny sokneprest i Brattvåg, då noverande sokneprest vert pensjonert. Vi vil be deg tenkje over om du kan tenkje deg å kome til engasjerte kyrkjelydar på Sunnmøre. Du skal vere velkommen til ein spennande og meiningsfull arbeidsplass i kyrkje og lokalsamfunn saman med gode medarbeidarar i kyrkjestaben og blant frivillige!
Ein kan lese meir om kyrkjelyden på https:/haram.kyrkje.no og https://www.facebook.com/kyrkjeneibrattvag/
Du er velkommen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar til vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ønsker namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Anna
Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkulven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta. Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.
Spjelkavik sokn ligg i Ålesund kommune og er det største soknet både i prostiet og landet når det gjeld folketal, med om lag 17500 medlemmer. Soknekyrkja ligg sentralt til på Moa.
I Moa-området, finn ein eit av dei største butikksentra i landet og området har stor konsentrasjon av handel og industri. I soknet ligg Ålesund sjukehus, seks grunnskular, to vidaregåande skular, ein folkehøgskule og ein privat kristen ungdomsskule. Moa har utvikla seg til å bli eit trafikknutepunkt og hovudferdselsåra sør/nord på Vestlandet og austover går midt gjennom soknet. Ålesund lufthamn, Vigra, ligg berre ein halv time unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar.
Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim. Folketalet i kommunen er om lag 65000. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og NTNU. Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar. Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter.
Kontaktinformasjon: