Vikarprest

Nordre Sunnmøre prosti, Den norske kyrkja, Møre bispedømme

Det vert lyst ut eit årsvikariat som vikarprest i Nordre Sunnmøre prosti.

Nordre Sunnmøre prosti består av 24 sokn fordelt på 5 fellesrådsområder med eit folketal på 97000 innbyggjarar. Det er 25 stillingsheimar tildelt prostiet inklusiv prosten. 

Vikarpresten  vil oppleve ei variert og utfordrande presteteneste i heile prostiet, ved å gå inn i oppgåver knytta til studiepermisjonar, sjukdom og for å styrke prestetenesta i dei ulike sokna etter behov. Arbeidsoppgåvene vert regulerte ut frå Tjenesteordning for menighetsprester § 2. Saman med prosten og prostesekretæren vil oppgåvene verte planlagde fortløpande. Vikarresten vil delta på prostiet sine regelmessige prestekonvent.

 

Arbeidsoppgåver
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar i prostiet
  • Anna kyrkjelydsarbeid
  • Delta i beredskapsordninga
  • Delta i arbeidsvegleiing
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest"
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjenesta" VTP.   Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Søkjar må opplysa om han/ho meistrer begge målformene   
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og vilje til fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
  • Stillinga vert løna etter Hovudavtalen i KA, stillingskode 1537 prostiprest.  Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter fastsette vilkår.  Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtaler, reglement med meir og andre avgjersler som kan ha innverknad på tenesta
  • Gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
  • Jamnlege fagsamlingar i prostiet

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og disponere eigen bil til bruk i arbeidet. 
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd
  • Den som får tilbod om stilligna må legge fram barneombodsattest (politiattest) jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders. og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Kontaktinformasjon:

Svein Runde
Prost
 911 14 095
 svein.runde@kyrkja.alesund.no
 
Lars Skagestad
Rådgjevar
 90986353
 ls273@kirken.no
Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Publisert 2021-12-15
Søknadsfrist 2022-02-28
Stillingstype Fast, 100% (1års vikariat)
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger