Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Ellingsøy sokn som særleg tenestestad

Det er ledig stilling som sokneprest i Ellingsøy sokn med Nordre Sunnmøre prosti som tenestedistrikt.

Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde.  Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting.  Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
 
Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal og kontor for tilsette. Frå Ellingsøy kyrkje til Borgund kyrkje er det 13 km.
 
Der er barnehage lokalisert i underetasjen i kyrkjebygget. Barnehagen er aktivt med i arbeidet i kyrkja. Soknet har ca. 30 konfirmantar pr. år.
Kyrkjelyden har kyrkjekor som har hyppig samarbeid med Borgund kyrkjekor.  Det er godt samarbeid med Årset bedehus.  Frivilligheita står sterkt og mange frivillige er involvert i gudstenesteoppgåver og i råd- og utvalsarbeid.
Soknerådet ynskjer å prioritere arbeid for ungdom og familier. Eit tilbod til ungdom er i oppstartsfasen der sokneprest saman med ungdomsprest og frivillige er involvert. Kyrkjelydssalen er under oppussing, og ungdom er involvert i planar om innreiing og bruk av rommet.  I seinare tid er eit aktivt lokalt speidararbeid etablert med mellom 20-30 deltakarar.  Eit gamalt naust nedanfor kyrkja er restaurert og teke i bruk i arbeidet for barn og unge. Det blir årleg halde gudsteneste i naustet i samband med kyrkjelydens sommarleir for barnefamiliar. 
 
Borgund sokn har ca. 5600 medlemmer. Kyrkja var bygd i 1907 og har 500 sitjeplassar. Borgund kyrkjelydskontor ligg i kyrkjelydshuset nedanfor kyrkja. Her er også barnehage og lokale for kyrkjelyden.  På prestegardsområdet i Borgundgavlen ligg Borgund dyreklubb.
 
Dei to sokneprestane i samarbeidsområdet Ellingsøy sokn og Borgund sokn deler på gudstenester og tenesteveker. Ellingsøy har organist i 50 % og kyrkjetenar i 50 % stilling. Diakon, kateket, kyrkjelydspedagog og dagleg leiar deler ein på i begge sokna.
I soknet ligg eit bukollektiv for eldre som får regelmessig kyrkjeleg teneste.
 
Ellingsøy bydel har to grunnskulekrinsar, den eine med ungdomsskule.  

Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
 
Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
  • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning. Prostiet er inndelt i 2 beredskapsområder.
    Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
  • Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, og du vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
  • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
  • Søkjar må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Liturgi og tenestemål i området er nynorsk.
Personlege eigenskapar
  • Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
  • Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.
  • Sjølvstendig og strukturert.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
  • Vere med på å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillige medarbeidarar.
Vi tilbyr
  • Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest. Innskot i Statens pensjonskasse.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
  • Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.

Anna:

  • For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil til bruk i arbeidet.
  • Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagde
  • Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov og tros- og livssynssamfunn § 20.
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.

 

Nordre Sunnmøre prosti er frå 1. januar 2020 eit samanslått prosti av (gamle) Nordre Sunnmøre prosti og Austre Sunnmøre prosti. I dag omfattar prostiet kommunane Ålesund, Giske, Sykkylven, Stranda og Fjord, med til saman 97000 innbyggjarar. Omlag 75 000 er medlemmer av DNK. Folketalet  i prostiet er aukande. 

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim og folketalet i kommuna er på omlag 65 000 innbyggjarar. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har godt utbygd skuletilbod og har Universitet (NTNU) som har god kontakt med næringane i regionen. Byen er av dei finaste og mest særprega i landet og tar imot eit aukande tal med turistar.

I Moa-området finn ein eit av dei største butikksentra i landet og området har stor konsentrasjon av handel og industri. Det er også eit trafikkknutepunkt. I kommuna ligg Ålesund sjukehus, fleire grunnskular, to vidaregåande skular, to folkehøgskular og to private kristne ungdomsskular.

Vigra lufthamn ligg ca 20 minutt unna Ellingsøy, og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no og  http://www.kirken-aalesund.no/  for fleire opplysningar.

 

Kontaktinformasjon:

Lars Skagestad
Rådgjevar
 (+47) 90986353
 ls273@kirken.no
 
Svein Runde
Prost
 (+47) 911 14 095
 svein.runde@kyrkja.alesund.no

 

 

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Kvalsteinvegen 2, 6057 Ellingsøy
Publisert 2021-12-15
Søknadsfrist 2022-02-28
Stillingstype Fast, 100%
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde

Arbeidsliv

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre.

Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger