Trusopplærar og kyrkjemusikar (eittårig prosjektstilling 100 %)

Vil du vere med å utvikle kyrkjelydslivet for born og unge, og nyte naturen i Øvre Setesdal?

Me har fem kyrkjer i sokna, med gudstenester, kyrkjelege handlingar, diakonale tiltak og trusopplæringstiltak.

Trusopplæringsplanen for kvart sokn er styrande for arbeidet. Den som vert tilsett skal setje i gong arbeid med å slå planane saman. Det er utnemnt trusopplæringsutval i båe sokn, der den som vert tilsett er medlem og har sekretærfunksjon.

Det er ynskjeleg at den som vert tilsett har musikalsk kompetanse som kan vere med å breie ut det musikalske uttrykket i kyrkjelydane.

Prosjektstillinga vert utvikla saman med kyrkjeverjene i sokna, med mål om vidareføring av stilling etter prosjektslutt.  

Staben har kontorfellesskap i Bykle og Valle. Det er tilsett ein sokneprest, to kyrkjeverjer/kyrkjelydsarbeidarar, og kyrkjetenarar. Det leigast inn noko organisttenester.

 

Arbeidsoppgåver
  • Leie og utvikle trusopplæringsarbeidet i sokna
  • Motivere og tilrettelegge for kontinuerlege tiltak, der det er behov for det
  • Vere ein del av konfirmant- og trusopplæringsarbeid
  • Legge til rette for at ungdom skal ha eit godt lokalt rusfritt tilbod og samtidig utvikle trua si
  • Rekruttere frivillige medhjelperar
  • Samarbeide med andre organisasjonar i sokna 
  • Bidra med kyrkjemusikk i ulike samanhengar
  • Andre oppgåver kan verte tillagt
 
Kvalifikasjonar
  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan kristendom og pedagogikk. Anna utdanning kan og vere aktuell, til dømes innan musikk og formidling
  • Må kunne jobbe sjølvstendig og i team, med stab og frivillige
  • Ha god formidlings- og samhandlingsevne i møte med born, unge og vaksne
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Tilfredsstillande politiattest ihht Trussamfunnslova § 20, må bli framlagt før tilsetjing 
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg  
 
Personlege egenskaper
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner til arbeid med stab og frivillige
  • Vere initiativrik, kreativ, sjå moglegheiter og ha gjennomføringsevne
  • Arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
  • Evne til nytenking
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt
 
Me tilbyr
  • Løn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
  • Godt sosialt og åndeleg fellesskap
  • Breitt arbeidsfelt
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kvelds- og helgearbeid må påreknast
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, pliktig medlemskap i KLP med 2 % trekk i brutto løn
  • Kyrkja kan hjelpe med bustad
  • Les meir om verksemda vår på www.bykle.kyrkja.no

 

Søknadfrist:                 05.12.2021

Arbeidsgjevar:             Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd/Bykle                                             kyrkjelege fellesråd

Stad:                              Bykle/Valle

Stillingstittel:                Trusopplærar og kyrkjemusikar

Tilsetjingsforhold:       Nyoppretta eittårig prosjektstilling

Stillingsprosent:           100 %

 

Søknad med CV sendast på epost til:         post@bykle.kyrkja.no  

 

Spørsmål rettast til:

Tor Hallvard Mosdøl, kyrkjeverje i Bykle, tlf 99298390

Sissa Ringstad, kyrkjesjef i Valle, tlf 97784706 

Arbeidsgiver Bykle kyrkjelege fellesråd
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted 4754 Bykle
Publisert 2021-11-08
Søknadsfrist 2021-12-05
Stillingstype eittårig prosjektstilling 100 %
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Bykle kyrkjelege fellesråd
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger