Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Spjelkavik sokn som tenestestad

Møre bispedøme

Det er ledig 100% stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Spjelkavik sokn som tenestestad.

Forutan soknepresten er det tilsett to kapellanar og ein presteressurs på deltid. I tillegg til desse er det tilsett to diakonar i deltid, to kateketar, kyrkjelydspedagog, kantor, organist i deltid, kyrkjetenar, frivilligkoordinator i deltid og dagleg leiar. Alle desse har arbeidet sitt i soknet og har kontor i Spjelkavik kyrkje. Det er mange frivillige medarbeidarar i soknet. Fleire av desse har ei sentral rolle i kyrkjelydsarbeidet på Hatlehol, - ein del av soknet som er tenkt utskilt som eige sokn. Ny kyrkje er prosjektert, og ligg inne i langtidsbudsjettet for Ålesund kommune.

Eit servicekontor for alle sokna i kommunen utfører ulike sekretær-oppgåver for kyrkjelydane, fører kyrkjebøkene og legg administrativt til rette for dåp, vigsle og gravferd.

Spjelkavik kyrkje er frå 1987, og inneheld også kontor og møterom. I underetasjen er det tre ulike møtesalar, aktivitetsrom, kinorom, kapell og kjøkken. Kyrkjelyden har eit omfattande og variert gudstenesteliv og trusopplæringsaktivitetar for dei ulike aldersgruppene. I Spjelkavik kyrkje er det gudsteneste kvar søn- og helgedag. På Hatlehol blir gudstenestene haldne på Ålesund folkehøgskole annakvar søndag i skuleåret. Her blir gudstenestene i stor grad førebudd og gjennomført i samarbeid mellom prest og uløna medarbeidarar, organisert i fleire gudstenestegrupper.

Medlemstalet i kvart årskull av born og ungdom ligg på om lag 220 og konfirmantkullet har dei siste åra vore om lag 200. Trusopplæringa er ein viktig del av barne- og ungdomsarbeidet og trusopplæringstiltaka er godt utprøvd og innarbeidd. For dei vaksne er det tilbod om undervisning, diakonale samlingar, sorggrupper og bibelgrupper. Kyrkjelyden har mange frivillige som bidrar mykje til gudstenestelivet og anna arbeid i soknet. Ein legg stor vekt på eit ope og tverfagleg samarbeid.

Vi ønskjer helst elektroniske søknadar med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort, må grunngje dette, jr. Offentleglova § 25

 

Arbeidsoppgåver
  • Soknepresten skal i tråd med «Tjenesteordning for menighetsprester» forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og kristent liv blir fremja.
  • Soknepresten leier prestetenesta og må ha evne til pastoralt leiarskap. Det inneber mellom anna langsiktig tenkning, evne og vilje til å samarbeide om utforming og gjennomføring av planar og visjonar.
  • Prestane i soknet deler gudstenester, kyrkjelege handlingar, konfirmantundervisning og andre oppgåver mellom seg etter oppsett arbeidsplan og har godt innarbeidd tenesteturnus. Det vil så langt råd er bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordeling av oppgåvene mellom prestane.
  • Bereredskapsordning i prostiet er delt i to soner, og prestane deltek i ordninga.
  • Nynorsk er nytta i kyrkja og i fleire av skulane.
Kvalifikasjonar
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Cand. theol. eller tilsvarande
  • Praktisk teologisk utdanning
  • Søkjarar som ikkje er ordinerte, blir bedt om å beskrive tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste" (VTP)
  • Det er krav om at det kan leggjast fram barneombodsattest (politiattest), jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
  • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting av sokneprest er å finne i «Forskrift om tilsetting av menighetsprest»
  • Med heimel i Arbeidsmiljølova § 13.4.2 blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagt
  • Førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette
Personlege eigenskapar
  • Evne til pastoralt leiarskap, og gode samarbeids- og gjernnomføringsevner
  • Evne til å arbeide sjøvstendig og planmessig
  • Evne til å utruste og motivere frivillege medarbeidarar
  • Erfaring frå arbeid som prest i kyrkjelyd eller tilsvarande erfaring
  • Kan samarbeide kollegialt og tverrfagleg med stab, sokneråd og frivillige, og tenke kreativt om fellesskap og gudstenesteliv
  • Vidareutvikle og skape entusiasme rundt dei prioriterte arbeidsområda kyrkjelyden har
  • Setje av tid til eiga fornying både fagleg og menneskeleg
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Fleksibel og intiativrik
  • Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
  • Søkjar må opplyse om han/ho meistrar begge målformene
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
  • Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalen i staten, stillingskode 1555
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Godtgjersler og tilskot etter fastsette vilkår. Den som blir tilsett må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtalar, reglement mv og andre avgjersler som kan ha innverknad på gjæremål i tenesta
  • Møre bispedømme legger vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing
  • Gode kontorlokaler og stabsfellesskap i Spjelkavik kyrkjelyd

 

Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Sykkulven, Stranda og Fjord med til saman 24 sokn, 97000 innbyggjarar og 25 årsverk i prestetenesta.  Folketalet i soknet og i prostiet er veksande.  

Spjelkavik sokn ligg i Ålesund kommune og er det største soknet både i prostiet og landet når det gjeld folketal, med om lag 17500 medlemmer.  Soknekyrkja ligg sentralt til på Moa.

I Moa-området, finn ein eit av dei største butikksentra i landet og området har stor konsentrasjon av handel og industri. I soknet ligg Ålesund sjukehus, seks grunnskular, to vidaregåande skular, ein folkehøgskule og ein privat kristen ungdomsskule. Moa har utvikla seg til å bli eit trafikknutepunkt og hovudferdselsåra sør/nord på Vestlandet og austover går midt gjennom soknet. Ålesund lufthamn, Vigra, ligg berre ein halv time unna og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no for fleire opplysningar.

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim. Folketalet i kommunen er om lag 65000. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har tilbod om høgare utdanning gjennom høgskular og NTNU.  Ålesund er ein særprega by som stadig tar imot eit aukande tal med turistar.  Distriktet er óg særs attraktivt for turar og aktivitetar på sjø, i skog og på fjellet, sommar som vinter.

Arbeidsgiver Møre bispedømme
Kategori Kirker og trossamfunn
Arbeidssted Vestmoa 20, 6018 Ålesund
Publisert 2021-06-10
Søknadsfrist 2021-08-05
Stillingstype 100%, fast
Antall stillinger 1
Sektor Offentlig
Søk på stillingen
Møre bispedømme
Moldetrappa 1
6415 Molde
Områder  
Vis alle områder
Sortér etter 

Ledige stillinger